_DSC3307-Edit-Edit.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Friluftskartlegging

Friluftskartlegging i Vang

14. desember 2015

Ei verdsetting av alle friluftsområde i Vang er no ute på høyring. Sei di meining før 13. januar.

– Torsdag førre veke var det arbeidsgruppemøter med representantar frå grunneigarar, idrettslag, velforeiningar, turlag, politikken og andre ressurspersonar, fortel prosjektleiar Dag Nordsveen i Turapp AS.

På oppdrag frå Vang kommune leiar han arbeidet med friluftskartlegginga. Dette er eit ledd i ein nasjonal handlingsplan der målet er at alle kommunar skal gjennomføre verdsetting av friluftsområde innan 2018.

– Kommunen vart delt i fem område og med den lokalkunnskapen som var til stades torsdag trur eg vi har kome langt i kartleggingsarbeidet, fortel Nordsveen.



Verdifullt dokument


Kartlegginga er eit krav etter lov om motorferdsel i utmark ift. å jobbe vidare med å leggje til rette for skuterløypar i kommunen. Slike løyper er i utgangspunktet ei politisk målsetting i Vang.

– Dokumentet vert brukt som bakgrunnsmateriale for arbeidet med både skuterløyper og alt anna av planarbeid i kommunen. Kartlegginga er ikkje bindande, men den vil altså gjera planarbeidet lettare, fortel arealplanleggar i Vang kommune, Håkon Berg Sundet.

Ellers vil planen nyttast til: Kommuneplanens arealdel – planar for grønnstruktur, marka og liknande – enkeltsakssaksbehandling og konsekvensutgreiingar – søknad om spelemidlar og sikringsmidlar – utarbeide sti- og løypeplanar - målretta innsats for å betre tilrettelegginga for friluftsliv – målretta forvaltning av friluftslivsområde – utarbeiding av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og liknande.

– Det aller viktigaste i kartlegginga har vore tilgangen til nærturområder frå skuler, barnehagar og bustader, informerar prosjektleiar Nordsveen.

Område og representantar

Høre – Ryfoss med fjellområda Nødre Syndin, Fjellsendin, Kjøsaraudalen. Vurdert av Tom Kjetil Tørstad (Ryfoss vel) Knut Rogn Tveit (Bondelaget) Mari Rogn Tveit (Høre og Ryfoss IL) Camilla Hålien (Vang Turlag) Erlend Eggen (TurApp)

Åsvang – Vennis
med fjellområda Hugakøllen, Vennisfjell, Yksndalsbua, Bygdin. Vurdert av Marit Wangensteen (representant for innbyggarane på Åsvang) Terje Karlsen (Fjellblom IL) Jon Lerhol (Bondelaget) Kjell Anders Haugen (Småbrukarlaget) Ragni Almenning (4H) Lars Østbye Hemsing (Vang Turlag).

Vang med fjellområda Syndin, Helin, Smådalen, Skakadalen, Bergsfjellet. Vurdert av Halvor Eggen Pettersen (Vang Turlag) Ivar Hagerup (Grindafjell løypelag og hytteutbyggerne) Eivind Magnus Ellingbø (Bondelaget) Inga Bø (Småbrukarlaget) Unni Sandsengen (Vang IL) Mette Hammerstad (innbyggarane)

Øye – Varpe bru med fjellområda Rødalen, Steinbusjøen, Skyrifjellet. Vurdert av Vidar Eltun (Vang Turlag) Arne Stende( friluftlivsbruker, då Jotunheimen IL ikkje kunne stille) Helge Hermunstad (innbyggarane) Ole Jørgen Tveit (Småbrukarlaget)

Tyin - Filefjell med fjellområda Sulefjellet, Tyin, Eidsbugarden. Vurdert av Leif Øyvind Solemsli (Tyin-Filefjell turløyper + innbyggarane) Gudbrand Karlsen (Vang Turlag) Håkon Berg Sundet (arealplanleggjar) Kari Bø Wangensteen (friluftlivskoordinator i Vang kommune).

Gje tilbakemelding

Vil du gje dine innspel til kartleggingsarbeidet er dette kva du lyt gjera:

  1. Sjå på rettleiinga (.PDF) om korleis kva ein verdsett område. 
  2. Sjå gjennom vurderinga arbeidsgruppene har gjort.

    Høre - Ryfoss (.xlsx)
    Åsvang - Vennis (.xlsx)
    Vang (.xlsx)
    Øye – Varpe bru (.xlsx)
    Tyin - Filefjell (.xlsx)

    Sjå også støttetabellen som forklarar verdisetjinga og områdeskildringa som forklarar kva som er kva.

  3. Gje tilbakemelding om:
  • Manglande område?
  • Endring av verdisettjing på ekisterande område?
  • Tips for å binde friluftsområde betre saman (grøntkoridor, sti/gøte)
  • Betring av tilgjengeligheit (parkerig osb.)
  • Viktige jorder for barfrostaktivitet som ski og aking
  • Er det spesielt egna områder for enkeltaktivitetar som ikkje er synliggjort? Som padling, klatring, kiting, fisking osb.

Send innspel på kartlegginga til dag@turapp.no innan 13. januar. Ved spørsmål kring kartlegginga kan du nytte same e-post. Eventuelt ringe Dag på 99603000