For tiande året på rad er det klart for førjulsmarknad i Øye med lokale produsentar av alle slag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv 10 års jubileum for Førjulsmarknaden i Øye

10 års jubileum for Førjulsmarknaden i Øye

21. november 2019

Denne helga er det klart for julemarknad i Øye for tiande året på rad. 

Både laurdag og sundag vil marknadsvertane Elisabeth Sparstad og ordførar Vidar Eltun ynskjer deg velkomen.

– Som alltid vil det vera noko for kvar ein smak på denne marknaden, alt frå lefsekling, heimestrikka vottar, lokale bøker, tradisjonsmat og syltetøy, til tilbod om julefotografering av barn eller familien i fine julekulissar, fortel Marit Gjærdingen på vegne av arrangørane.

Førjulsmarknaden er i samfunnshuset/den gamle skulen, går over to dagar laurdag (11-16) og sundag (12-16)og vil huse mellom 25 og 30 utstillarar der dei fleste er frå Vang. 

Filefjellboka som gjest

Årets gjesteutstillar er Anders Lundberg som har skrive Filefjellboka. Han har og med seg mange flotte bilder frå Vang som er å få kjøpt.

I samband med Førjulsmarknaden i Øye er det syndagen messe i Øye kyrkje klokka 11.00, før dørane opnar på marknaden. Det er også gode tilbod på middag på Mjøsvang kafe denne helga.

– På marknaden kan du kan og kjøpe deg ein kaffekopp og gode lappar og seta deg ned i kafeen og skravle lenge og vel, fortel Gjærdingen.

I år er det Laget for funksjonshemma som står for kafedrifta denne helga.

Opningstidenen er laurdag 11.00 til 16.00 og syndag 12.00 til 16.00.

Velkomne til ein triveleg førjulsmarknad med høg kvalitet og god julestemning!