Velkomsttreff Bilde
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye vangsgjeldingar samla til vellukka velkomsttreff

Nye vangsgjeldingar samla til vellukka velkomsttreff

26. juni 2026
Bulystteamet med Frivilligsentralen i vertskapsrolla, inviterte til det andre Velkomsttreffet i Vang. Like spennande som sist å møte nye vangsgjeldingar!

Det var 12 nye og gamlenye vangsgjeldingar som møttest denne kvelden, og me gjorde som sist – starta med uformell prat til kaffi og kringle i lokala til biblioteket og frivillingsentralen.

Ei kort presentasjonsrunde rundt bordet er artig og me finn ut at det er mange grunnar til at folk kjem til Vang som bla jobb, venner som lokkar, familie, naturen osv.

Alle som melder flytting til Vang får etter kvart ei velkomstpakke og dette får me svært gode tilbakemeldingar på. Her får ein ein god start på å bli kjend i Vang. Men det er også fleire nettsider og facebookgrupper som er viktige, og desse vart vist og orientert om denne kvelden. Og det er mange tilbakemeldingar på at det skjer mykje i Vang, og det er store sjansar for at ein finn både ein og fleire aktivitetar som kan freiste.

Jonathan Øraker, som er vangsvert, prata varmt om det å koma heim til Vang. Og for han og kona Marie har klatring med Vang klatreklubb i Vangshallen vore ein fin arena til å møte andre. Klatreklubben fekk forresten ros frå fleire for å ta godt i mot nye medlemmer.

Emilie Aaen, nyinnflytta til Vang i slutten av mai, måtte gå etter ein times tid, for ho var alt kome inn i ein jentegjeng som spelar fotball på Tveit på måndagskveldane…herleg å oppleve at nye blir inkludert så raskt!

Elles kom det fram at det å finne ein egna bustad ikkje er det enklaste, og dei som dukkar opp blir fort selde. Men som det vart sagt; «det ordnar seg nok ette kort».
På nettsida vår har vi ei eiga oversikt over bustader til leige - veit du om noko som kan delast, set vi stor pris på eit tips til bulystteamet.

Me sit også denne gongen med ei god kjensle av at dette var ein fin kveld for dei som var med. Gode tilbakemeldingar om god informasjon og at det er fint å møtast. Me tenkjer at det er fint å skape denne møteplassen for å gje ein god start i Vang.
Gjekk du glipp av velkomsttreffet, men kunne tenkje deg å vere med neste gong? Nye sjansar kjem til hausten – følg med på foreningsportalen eller våre kanalar. 

Det er viktig at alle bidreg til at nye føler seg velkomne til Vang. Får du ein ny i nabolaget, på arbeidsplassen, i klassen, foreldregruppa, fotballaget osv. ta dei godt i mot! Det er ofte ikkje så mykje som skal til for at ein føler seg sett og velkomen til Vang!