Stadig fleire ønskjer å flytte til bygda vår - både nye tilflyttarar og dei som kjem tilbake. Samstundes er det også mange som bur her frå før som treng å flytte på seg. Det synest vi er veldig kjekt, og vi har plass til fleire her.
For mange er det viktigaste først å finne ein stad å bu. Difor ønskjer vi å synleggjere bustader som er tilgjengelege, både for leige og sal. På nettsida vår kan vi hjelpe deg med å nå ut til aktuelle leigetakarar – og vi bistår gjerne med å lage annonsa.
Ta kontakt med oss på bulyst@vang.kommune.no dersom du har noko til leige!