IMG 6581
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Endeleg var det Fredagskos igjen

Endeleg var det Fredagskos igjen

22. oktober 2026
Etter ein pause var Fredagskos endeleg tilbake, denne gongen på Filefjellstuene. 40 personar hadde meldt seg på middag, og fleire kom til utover kvelden for å få med seg festen.

Det vart ein kveld med god mat, quiz, musikk og dans. Valdres Brass Band sørgde for skikkeleg ompa-stemning, og praten gjekk godt rundt borda.

Kamp om quizsigeren

Det vart også rom for litt konkurranse då laga fekk bryne seg på ulike spørsmål i quizen.

Quizen baud på spørsmål om både lokalkunnskap og allmennkunnskap. Kor mange bur det i Vang, Kva stad i Vang syng gruppa Staut om i songen «Vallersbrur» og kva land kjem Oktoberfest frå? 

Til slutt kunne eitt lag juble for quizsigeren:

Her er kveldens quizvinnarar!

Vinnerlaget "Hjørnet" på Fredagskos på Filefjellstuene.

Etter quizen heldt festen fram med musikk og dans.

Ein møteplass for bygda

Fredagskos vart starta av Innovangsjon i 2011 som ein sosial møteplass for bygdefolk, hyttefolk og tilflyttarar. Tanken er enkel: å skape ein stad der folk kan møtast, slå av ein prat og bli betre kjende.

Med godt oppmøte på Filefjellstuene denne fredagen fekk gredagskos nok ein gong samla folk til ein triveleg kveld.

Takk til alle som kom og bidrog til den gode stemninga! Og ikkje minst, tusen takk til Filefjellstuene for eit godt samarbeid.