Nyheit

17. mai i Vang

  Nyheitsarkiv
11. mai 2020
Fjellblom musikklag opnar nasjonaldagen ved Henåsen kyrkje klokka 0900. Eit av få arrangement som er som normalt på 17. mai.
Live-sendingar, musikk og biltog

Her er programmet for ein noko annleis 17. mai-feiring i Vang.

0900: Konsert på Pissberg - knausen bak Heensåsen kyrkje. Flaggheising ved kyrkja. Følg live på facebooksida vangivaldres.

1030: Festgudsteneste i Vang kyrkje med innslag frå Høre mannskor. Følg live på facebooksida til Vang kyrkje.

1100: Ordførar Vidar Eltun held tale ved Vangsheimen - Vang skule og ungdomskorps, Høre Mannskor og Fjellblom musikklag underheld. Følg på facebooksida til Vang kommune.

1200: Bilparade frå parkeringa ved Mjøsvang Kafe. Oppmøte kl 11.45. Rute: Mjøsvang Kafe – Bøagøta- Ellingbøvegen – Burmavegen til E16 ved VBU – Vangsheimen. 17. mai-komitéen i Vang/Øye ønskjer alle
velkomen med nye og gamle bilar, traktorar, ATV-ar, russebilar og mopedar. Pynt gjerne køyretøyet ditt.

1300: Heile landet - også Vang - syng «Ja, vi elsker».

17. mai-komitéane, Vang kommune og Kyrkja i Vang ønskjer alle ein fin 17. mai!