FCBACF62 30F2 4AC0 B693 AEDC839BA673
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Akekonkurranse i Tørrisheisen

Akekonkurranse i Tørrisheisen

24. februar 2022
På laurdag er det klart for den store akedagen i Tørrisheisen!

TyinFilefjell Utvikling AS (TFU) ynskjer alle saman velkomne til ein hyggeleg familiedag, det er klart for akekonkurransen ved Tørrisheisen laurdag 26.februar kl 17.00. 

TyinFilefjell Utvikling klargjer arena og den vil få fyrsteklasses ake-forhold. Alle stiller med eigne akebrett, og er klare for litt moro, full fart og spenning. Det blir tidtaking og speaker, og alle får startnummer og ikkje minst at alle deltakere får premier. Så, her blir det stemning! 

Akekonkurransen er delt opp i fire grupper frå 0 år og oppover, det er ingen øvrig aldersgrense.  
Alle puljevinner(e) får flott premie! 

Påmelding seinast torsdag 24.februar - Vipps 736419
Kr 50,- per deltaker.

Oppmøte seinast kl 16.30 - Alle som skal inn på arenaen må registrere seg med mobilnummer, navn og alder ihht registrert påmelding via Vipps.

Velkomen til den store akedagen!