Klatrecup 2019 3
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Aktiv haust med Vang klatreklubb

Aktiv haust med Vang klatreklubb

07. september 2021
Med faste klubbkveldar, nye kurs, ruteskruing, heftig kick-off og kjente fjes blir det ein knakande flott og aktiv haust for Vang klatreklubb.

- Endeleg er me i gang med klatring igjen, under litt meir vanlege forhold enn i vår, ler styreleder Linda Jevne engasjert. 

Ho siktar til bookinga av klatring tidlegare dette året. Då det kun var lov med maks 20 klatreglade vangsjeldingar i hallen på ein gong, og det nærmast var Vinjerock-stemning kvar gong plassane vart lagt ut. 

- Det er det villaste eg har vore borti. På 20 sekund var alle plassane reservert, og folk hadde alarm på for å å sikre seg ein plass på klubbkveld, ler ho. 

- Eg tenker det er eit godt teikn, men me vil jo eigentleg at det skal vere for alle. Så no gler me oss til ein haust med plass til mange fleire og mykje spennande på planen, smiler Jevne. 

 

Aktiv klatrehaust 

Det er difor no ein stor glede for klatreklubben å endeleg gå tilbake i ein litt meir vanleg form for klubbkveld. Kvar måndag, onsdag og fredag er det vanleg klatring og ope for alle. 

- Det er fortsatt slik at ein bør booke seg plass på heimesida vår, men vanlegvis er det ikkje fullt, så ein må gjerne koma på døra, smiler Jevne. 

Og om du er heilt ny i klatreveggen og kanskje ikkje har så mykje erfaring, har klatreklubben lagt opp til ny runde med brattkortkurs i haust. 

- Vi kjører på med brattkort kurs over to kvelder den 10. og 15. september. Her blir det påmelding gjennom heimesida vår, og det er allereie mogleg å booke seg plass, fortel Jevne. 

- I starten av november kjem Martin Mobråten for å skru om veggen, det gler me oss svært over! Då vil det nok bli arrangert ein liten dugnad i førekant for å få ned alle tak, legg ho til. 

 

Klinkar til med klatre kick-off

Finnes det nokon betre måte å dra i gang hausten på, enn å arrangere ein uhøgtideleg kick - off? Me trur ikkje det! 

- Me kjøyrer på og arrangerer ein uhøgtideleg kick - off, open for alle om ynskjer å delta. Det blir forskjellige konkurransar og me kan love svært fete premiar, smiler Jevne. 

- Me håpar at mange har lyst til å hive seg med og ha det artig i klatreveggen. Dette er ein lågterskel konkurranse og det vil bli artige aktivitetar for heile familien, legg ho til. 

- Hald av datoen 22. september, då blir det mykje moro i Vangshallen! Velkomen, smiler Jevne.