Ordførar Vidar Eltun signerer samarbeidsavtala på vegne av Vang kommune. I midten Josefine Vacker frå Nasjonalforeningen for folkehelse, saman med arbeidsgruppa og Inga Steile  frå eldrerådet (i midten bak).
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Aktivitetsvenner

Vang startar med Aktivitetsvenner for personar med demens

19. mars 2018

Tilbodet Aktivitetsvenn er i dag etablert i over 190 kommunar, og i november signerte også Vang ei samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om å opprette tilbodet.

 11. og 18. april arrangere vi kurs på Vang folkebibliotek. Kurset er ope for alle som vil lære meir om demens, og for alle som vurderer å melde seg som aktivitetsvenn i Vang. Du forpliktar deg ikkje til noko ved å delta på kurset.

Tanken bak Aktivitetsvennprosjektet er å bidra til at personar med demens kan oppleve ein meiningsfull kvardag med gode opplevingar i trygge omgjevnader. Det å kunne halde fram med aktiviteter har positiv effekt på oppleving av livskvalitet også for personar med demens, som for alle andre.

Aktivitetsvenn baserer seg på koplinga mellom den frivillige og personen med demens, på bakgrunn av felles interesser. På denne måten får personar med demens høve til å halde fram med sine fritidsaktivitetar, og den frivillige får bidra med å gjere noko den sjølv synest er givande, som til dømes å gå eller køyre turar, synge saman, lese eller gå på kafé.

Sjølv for menneske der sjukdommen har kome så langt at opplevingane raskt blir gløymt, viser det seg at dei gode kjenslene og stemninga varer. Aktivitetsvenn verkar difor helsefremmande og førebyggande, og gode relasjonar er helsefremmende og har stor verdi i seg sjølv også for den frivillige.

Joanke Tito, leiar på Vangsheimen, er leiar i arbeidsgruppa, som også består av Birgit Remmen – demenskoordinator i Vang, Marte Tangen - dagleg leiar på frivilligsentralen, Veronica Ortiz – leiar for heimebaserte tenester, Derk Stegwee – fysioterapeut og Linda Holten Riste – frisklivssentralen. For meir informasjon om Aktivitetsvenn kan du besøke Nasjonalforeningen for folkehelsen sine nettsider. Du kan også ta kontakt med ein av oss i arbeidsgruppa.