FF RM 04.2339319
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv - Aldri kjørt så fort i heile mitt liv!

- Aldri kjørt så fort i heile mitt liv!

07. april 2023
Reint Moro vart verkeleg påskens raskaste eventyr for bergenseren Mona Neu Hatland. Ikkje berre gikk det unna i bakken - ho vant og gjev pris for sitt fabelaktige antrekk!

- Ho! Det gjekk verkeleg unna, eg har aldri kjørt så fort nokon gong. Det var fantastisk gøy, ler ein fornøgd Mona Neu Hatland. 

Ikledd parykk, solbriller og fargerike klær, var det en særedeles blid Neu Hatland som kom i mål etter å ha kjørt gjennom heile skisenteret, på raskest mogleg tid. Denne veka arrangerte nemleg Tyin-Filefjell eitt av sine mest populære arrangement; Reint Moro - påskens raskeste eventyr. Med 150 raske deltagere, i forskjellige kostymer vart det verkeleg folkefest i Tørisheisen! 

- Dette frister absolutt til gjentagelse, verkeleg! Vi har det alltid kjekt når vi er på hytten her på Tyin-Filefjell. No skal me nyte resten av påsken saman med familien, smiler Neu Hatland. 

 

Gjev premieutdeling 

Ingen Reint Moro utan gjev premieutdeling til slutt! Årets premiering forgikk i påskelavvoen, med scene, musikk og Tyin-Filefjell sin eigne speaker; Odd Tore Moen. Dei beste skulle kåres, og den gjeve vandrepokalen frå i fjor skulle få ny eigar. 

Fleire vinnarar kåres denne kvelden. Ulike aldersklasser, raskeste tid - uansett klasse, beste kostyme og sju trekk premiar til tilfeldige av deltakarane. Med sitt fenomenale og artige antrekk vant Mona Neu Hatland 1. plass for artigaste antrekk, og kunne runde av kvelden med velfortjent førsteplass i bagasjen. 

Og den gjeveste plassen av dei alle vart kåra til slutt - Sturla Grieg fra Bergen stikk av med raskeste tid gjennom heile skianlegget på Tyin-Filefjell, på 25.55.05. 

- Dette er første gang eg er med på Reint Moro, og då er det jo ekstra gøy å stikke av med sjølveste vandrepokalen! Eg skal definitivt komme tilbake neste år, med endå raskare ski, ler Grieg. 

 

- Stolt og takknemlig 

Ein stolt, takknemlig og blid speaker og arrangør seier seg godt fornøgd med dagens arrangement, og håpar alle har hatt ein fin dag. 

- Eg er veldig stolt og takknemlig for at me får lov å arrangere så kjekke og morosamme arrangement her på Tyin-Filefjell, det er skikkelig artig altså, smiler Odd Tore Moen. 

- Og så har me jo så kjekke deltakarar og publikummere som har laga skikkeleg liv og røre i målområdet her i dag, det var kanon, legg han til. 

Moen roser også dei frivillige som står på og jobber hardt for at arrangement skal la seg gjennomføre på denne måten. 

- I tillegg er det kult at me klarer å skape eit arrangement der ein kan møtast på tvers av aldre, det er veldig fint. No gler me oss berre til resten av påska, smiler Moen. 

 

Sjå fleire bileter frå dagen nedanfor. Fotograf: Yngve Ask og Frida Grindaker-Ask.