99E05BE2 6B14 4415 AA60 3E1857928F63
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Allsidighet med Høre/ Ryfoss IL

Allsidighet med Høre/ Ryfoss IL

05. september 2023
Med mange forskjellige aktivitetar for både barn og vaksne er Høre/ Ryfoss IL eit særs allsidig og aktivt idrettslag i Vang!

- Me har faste aktivitetar for både for barn og vaksne gjennom heile året, seier Kristoffer Kvien, leiar i Høre/ Ryfoss IL. 

For det står ikkje på moglegheitane i idrettslaget. Her kan du gjere pilates på måndager, sende barna på karate, spele innebandy i godt lag eller dra på trugetur i magisk måneskinn, berre for å nevne nokre av aktivitetene i idrettslaget! 

- Alle aktivitetane me har er for alle, og det handlar i bunn og grunn om å ha det artig i godt lag, anten du er ung eller vaksen. Det er det absolutt viktigaste, smiler Kvien. 

 

Aktivitetar for enhver smak 

Høre/ Ryfoss idrettslag har eit allsidig spekter av ulike aktivitetar; pilates, allidrett, volleyball, karate, innebandy, diskgolf, trugetur og eigen skøytebane i byggefeltet i Ryfoss. 

- Dei aller fleste aktivitetane våre foregår ved Høre samfunnshus, i gymsalen. For dei yngste er det karate frå hausten og fram til jul. Og allidrett frå etter haustferien og fram til påske, fortel Kvien. 

I tillegg til alle aktivitetar som foregår på samfunnshuset, blir det også arrangert 3-5 turar med Trugelauget på vinterstid, kvar gong det er fullmåne. Turane går som oftast til Slettefjell, men det varierer. Her er det berre å følgje med på facebooksida til Trugelauget for oppdatert informasjon, og planlagte fellesturar. 

I 2022 fekk også idrettslaget eigen diskgolfbane i skogholtet bak YX Ryfoss. Eit knippe ildsjeler frå Høre/ Ryfoss IL satte opp kurver og laga løype, for at bygdefolket skulle ha ein artig aktivitet i nærområdet.

- Det er blitt ein utruleg populær og lågterskel aktivitet her i Ryfoss. Både barn og vaksne kan spele med kvarandre, og det er mogleg å få tak i disker både på bensinstasjonen og Jokeren i Ryfoss, seier Kvien. 

I tillegg er det mogleg å låne disker, om ein dukker opp på ukesgolfen tysdagar 18.00 - oppmøte ved YX. 

Kvien fortel at idrettslaget no snart er i ferd med å ferdigstille diskgolfbanen med totalt 18 utkastspunkt. 

 

Givande å engasjere seg i idrettslaget 

Kristoffer Kvien har vore leiar i idrettslaget i fleire år, og synes det er særdeles givande og artig å vera med å bidra og engasjere seg i det lokale idrettslaget. 

- Så er det jo sjølvsagt ekstra fint når barna mine er med på ulike aktivitetar. Det er jo ein veldig fin måte å engasjere seg i det dei driv med og. Så er det jo slik at ein må bidra, om ein vil at idrettslaget sine tilbod skal fortsette, seier Kvien.

Han fortel at Høre/ Ryfoss IL er heldige med stor dugnadsinnsats og at det er mange som både føler tilhørighet og engasjement for å få til ting. 

- Eg føler dugnadsånden i Høre og Ryfoss er veldig bra. Det er alltid godt oppmøte og folk er alltid veldig positivt innstilt på å få til ting i felleskap. Når det er sagt, så har me jo alltid plass til fleire frivillige, smiler Kvien. 

- Det som er ekstra fint med idrettslaget er jo at me har mange aktiviteter der alder ikkje spelar nokon rolle, og ein får veldig fine generasjonsmøter og blir kjent med mange fjes i bygda, seier Kvien. 

- Fokuset er på å ha det artig saman og inkludere alle. Det mest seriøse som foregår i gymsalen er når volleyball-lagene spelar om kven som må vaske etterpå, ler han. 

 

Faktaboks om Høre/ Ryfoss IL

  • Ca. 130 medlemmar per dags dato 
  • 250,- for enkeltmedlem 
  • 450,- for familiemedlemskap 
  • Ikkje nødvendig med forkunnskaper for nokre aktivitetar 
  • Ta kontakt med leiar, Kristoffer Kvien om du er nysgjerrig på idrettslaget 

 

Sjå fleire bileter frå Høre/ Ryfoss idrettslag i bildekarusellen nedanfor.