Fullsizeoutput 1784
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Alt klart for årets førjulsmarked i Øye

Alt klart for årets førjulsmarked i Øye

14. november 2021
Tradisjon tro er det klart for førjulsmarked i Øye samfunnshus 20. og 21. november. Kom i julestemning, handle lokale gaver til familien og ta deg kaffikopp med kjentsfolk!

Dei gode tradisjonane er det viktig at me held på, og førjulsmarknaden i Øye er eit godt eksempel på det. I over 10 år har det vorte arrangert marknad i samfunnshuset, siste helga før advent. Til glede for heile bygda!

I år er sjølvsagt intet unntak! Den 20. og 21. november vert det nok ein gong arrangert, og med heile 28 personar som skal ha stand - skulle ein kunne finne julegåver både til mor og far.

Her får ein kjøpt mykje forskjellig, alt frå lokalprodusert mat, diverse treprodukt, strikk, vev, bøker, keramikk, sjokolade med meir. Alt du får tak i på marknaden er lokalprodusert og handlaga. 

Og når du vert sliten og trøytt av ¨jolesjåppinga¨, sørger Torsheim grendehus for at du får deg både kaffe og lapper!

Førjulsmarknaden i Øye samfunnshus er ope 11-16 båe dager. Velkomen!