93B03196 712B 4259 B37A 038FDB3047C3
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Alt klart for Frivilligmarknad i Vangshallen

Alt klart for Frivilligmarknad i Vangshallen

27. april 2022
Alt er klappet og klart for Vang sitt aller fyrste Frivilligmaknad laurdag 30 april!

2022 er frivilligheitas år. Den frivillige innsatsen skal hyllast og dei frivillige skal heidrast! Og kva passar vel då betre enn å samle Vang sine frivillige lag og foreiningar, for ein stor festdag?

Det er nemleg akkurat det som skal skje. Laurdag 30. april samlast 30 lag og foreiningar i Vangshallen for å halde stands og vise seg fram! For det finst så mange flotte aktivitetar du kan delta på i Vang, og her har du verkeleg moglegheit til å få informasjon, bli kjent med tilboda og kanskje blir inspirert til å delta på noko nytt.

Ordførar Vidar Eltun kjem for å sparke i gong dagen med velvalgte ord, også brakar Frivilligmarknaden laus! Det blir underhaldning gjennom heile dagen, både gla´dansen, Høre mannskor, Fjellblom musikklag og fleire til skal sørge for ekstra god stemning denne dagen. Det blir og moglegheit til å teste nokre aktiviteter, og du får informasjon om alt det kule du kan halde på med i Vang! 

Sjølvsagt må ein også ha litt å bite i på ein slik stor dag, så det blir sal av ulike matrettar frå fleire av restaurantdriverane i Vang. Lunsj, kake, frukt, sprudlende god brus og farris, frukt og kaffi er det du finn på menyen denne dagen. 

Frivilligmarknaden arrangerast i Vangshallen laurdag 30. april frå 12.00-16.00. Dette er eit gratis arrangement og me håpar å sjå akkurat deg der!