IMG 4648
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Anja er dei firbeintes beste venn

Anja er dei firbeintes beste venn

08. august 2023
Anja Tschauschner driv Valdres Dyrefysioterapi i Lomen. Ho er brennande engasjert for at våre firbeinte venner skal ha det så godt som mogleg gjennom heile livet.

- Dette er hjerteoppgaven i livet mitt. Å få jobbe med dyr har vore ein draum sidan eg var liten. Difor er eg utruleg ydmyk for at folk kjem til meg for behandling av sine firbeinte venner, seier Anja Tschauschner. 

Med eit bredt behandlingstilbod og spesialkompetanse på sitt felt, er nemleg Anja blitt ein ettertrakta behandler for hund og hest. Faktisk så ettertrakta at pasientane kjem frå både nord og sør i Norge for å besøke Valdres Dyrefysioterapi

- Det er utruleg gøy og verdifullt at eg kan tiltrekke med min behandlingsfilosofi, og at eg har opparbeida meg eit rykte som gjer at pasientar kjem frå alle kantar av landet. Det gjer meg veldig glad, smiler ho. 

 

Fokus på naturleg behandling 

Sidan Anja starta opp klinikken i 2016 har ho stadig utvikla behandlingstilbodet, og har i dag behandling innan fysioterapi, osteopati, traumebehandling og rehabilitering. Felles for alle behandlingsformane er at naturen alltid står i fokus. 

- Filosofien min bygger mykje på å bruke naturen som eit ledd i behandlingsløpet. For dyr er det ofte meir naturleg å bevege seg ute. Å kjenne på naturlege omgivelser og underlag trigger sansesystemet til hunden, og eg får lettare tilgang til å sjå korleis dei beveg og ter seg i omgivelsene, fortel Anja. 

Difor har ho i tillegg til behandlingsrom og kontor, også ein inngjerdet behandlingsgård med ulike trenings og øvelsesmoglegheiter. Ofte starter alle møter mellom Anja og hundene her ute. 

- Uansett kva dei kjem hit til klinikken for, så er det viktig for meg at dei blir kjent og kan senke skuldrene, før me går inn. Alle hundar er forskjellige, nokon synes det er spennande å komme hit, medan andre kanskje både er redde og skeptiske. Difor er det viktig å ta ting i hundens tempo, det finnes ingen quick-fix her, smiler ho.

På klinikken kjem det alle slags type hundar, både gamle og unge, store og små, familiehunder, jakthunder og trekkhunder. Det er dei som treng rehabilitering og dei som treng traumeterapi. 

- For meg er dette eit kjempespennende og omfattande fagfelt, og det er viktig for meg å alltid halde meg oppdatert. Eg lover ofte meg sjølv at no er det kanskje nok studier for ein stund, men så går det ikkje lang tid før eg er sulten på ny kunnskap, ler Anja. 

Ho behandlar også hestar og har pasientar både i Valdres og fleire på vestlandet. 

- Hestane må eg naturleg nok reise rundt for å besøke. Ofte sett eg då opp ein heil dag der eg reiser frå stall til stall for å behandle, seier ho. 

 

- Det beste verktøyet er hendene 

Etter at Anja har observert ute, er det tid for å ta turen inn. Selv om klinikken ikkje er stor, så rommer den mye, både avansert utstyr og kontorplass. Mest av alt rommer den en god og lun atmosfære - det skal oppleves behageleg å komme inn.

- Det er viktig; det skal føles trygt å komme inn her og me tek alt i hundens tempo. Difor er det utruleg viktig at eg oppfatter pusten og energien til hunden. Er den stressa, tek me ein pause, fortel ho. 

Eit viktig prinsipp for Anja er at all form for behandling skjer på bakkenivå, i motsetning til eit veterinærbesøk, der hundene gjerne må opp på benken. 

- Det er rett og slett for å komme på hundens nivå, og unngå at dei bli anspent. For dei er det mest naturleg å vera på bakken, og eg kjem difor ned til dei, smiler Anja. 

Klinikken er utstyrt med forskjellig behandlingsutstyr, både infrarødt lys, laser, moglegheit for lybølgetorapi, el-terapi, smartviber for å sette i gang blodsirkulasjonen og forskjellig treningsutstyr. Og for å komplettere behandlingtilbodet kjem det også snart ein vanntredemølle på klinikken. 

- Alt eg benyttar i behandling, både for hundar og hestar, har eg prøvd sjølv. Det er viktig for meg å vite korleis utstyret føles på kroppen, og at eg kan gå god for at det føles bra. Ingenting skal føles vondt eller ubehageleg her inne. Jo meir avslappa dei er, jo lettere er det for meg å få tilgang, seier ho.

- Dog er det ingen verktøy eller apparater som erstatter hendene, det er nok mitt beste verktøy. I god kombinasjon med å sanse kva energi hunden har til enhver tid, legg ho til. 

- Hundene skal dra herifrå med ein bra kjensle i kroppen etter behandling, det er fokuset heile tida, smiler Anja. 

 

Et helhetlig blikk 

På samme vis som vi mennesker bærer en historie, så gjør dyr akkurat det samme. Alle oppturer og nedturer, sår i sjela og gode minner bæres i ryggsekken. Det er dirfor viktig for Anja å bli kjent med dyra ho behandler, for å kunne forstå kven dei er og kvifor dei reagerer slik dei gjør. 

- Det handler om et helhetlig blikk og bilde på den ein behandler. Eg stiller difor ein del spørsmål til eigaren, for å kunne tilnærme meg på ein så god måte som mogleg, fortel ho. 

- Nokre av dei som kjem hit har opplevd svært vonde ting i livet, og er veldig traumatisert av desse hendingane. Og det er nok kanskje mine hjertebarn - å få lov til hjelpe desse dyra, føles veldig meiningsfylt, smiler Anja. 

Ho fortel at mange av dei som kjem til klinikken anten kjem på eiga initiativ, eller er blitt henvist videre frå veterinæren. 

- Eg har eit veldig fint og godt samarbeid med veterinærene i Valdres. Det er utruleg mykje dyktige veterinærer her, og det er høg fagkompetanse på dyr i Valdres nå. Det er veldig kjekt å sjå, seier Anja. 

Ho understreker at dyra slettes ikkje treng ha vondt eller ha nokon plager for å ta turen til Valdres Dyrefysioterapi. 

- Alle er velkomne hit! Og det kan vera smart å gi hunden pleie i muskulatur lenge før den blir senior og faktisk byrjer å bli stiv eller få nokre skavanker. Det er viktig å ta godt vare på våre beste venner, smiler Anja. 

 

Sjå fleire bileter frå Valdres Dyrefysioterapi og Anja i bildekarusellen nedanfor.