Øyvind Ekerbakke Stende, Arnlaug Ekerbakke, Åsmund Ekerbake Stende og Kjell Stende har brukt all fritid sidan starten av juni for å få til Arcitc Dome Valdres.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Arcic dome Valdres - ny attraksjon

Artcic dome Valdres - ny attraksjon

17. juli 2020

Denne helga opnar Arctic Dome Valdres som byr på den råaste overnattingsopplevinga i Noreg.

– Vi har jobba dag og natt i over ein månad for å vera klare til opning no. Det vart sjølvsagt meir arbeid enn planlagt, men så er resultatet akkurat så rått vi håpa det skulle vera, fortel Øyvind Ekerbakke Stende.

Saman med bror og makker Åsmund i Jotun Fishing, står han bak det nye konseptet ved Jonskør i Øvre Dalen.

Her ser du Vangsmjøsa, Skjøld, Skakdalen, Suletinden, Øvre Dalen, Stølsnøse og Skørsnøse frå sengekanten. Mellom anna. 

– Vi trur kombinasjonen av eksklusiv plassering med rått utsyn og at vi har gjort det såpass sikkelig med platting, møblar og utekjøkken gjer sitt til at Arctic dome Valdres vert ein nasjonal attraksjon, seier Stende.

Bookingar frå Vang og verda

Berre køyreturen opp til domen som ligg på 1050 moh. ved Jonskør i Øvre Dalen i Øye er ei temmeleg heftig oppleving (bomveg/nøkkel). Vel framme er det stor platting rundt heile domen, sittegruppe ute og inne, ei dobbeltseng, to sovestolar og eige kjøkkenhus.

– Berre ved å leggje ut dei fyrste bileta på Facebook, Instagram og på AirBNB så byrja bookingane å kome. No har kjem fyrste gjestande i kveld og vi har allereie runda femten bookingar, fortel Stende. 

Eit par danskar er av dei som har holdt av domen etter at Noreg opna grensene, samstundes har fleire lokale i feriemodus sett sitt snitt til å toppe Valdres-ferien med ei natt i domen.

- Det er faktisk fleire lokale frå Vang og Valdres som har booka og betalt overnatting. Noko betre klapp på skuldra frå bygda kan vi ikkje få!

Eit familieprosjekt

Det har gått døgnet rundt den siste månaden og utan solide bidrag frå dei nærmaste hadde det ikkje blitt noko opning i kveld. 

– Både Åsmund og pappa Kjell er faglærte snikkarar så eg har tapt alle diskusjoner om løysingar her. Samstundes har både kjærasten min Åse, mamma Arnlaug, syster Marit og kompis Ola Magnus lagt ned fleire timar her er enn eg tørr tenke på, seier Øyvind. 

Dei sender også ein takk til sameiget som har vore positive frå dag ein.

Blir du lysten på å teste ei natt kan du booke overnatting direkte på AirBNB. Har du skikkelig flaks kan du også vinne overnatting om du følgjer sida deira på Facebook eller Instagram og fortel kven du vil ha med på overnatting.