91779938 7EE0 488F 8775 27D402E547E4
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Arrangerar Noregs fyrste eventyrmaraton

Arrangerar Noregs fyrste eventyrmaraton

22. september 2022
Biblioteksjef Marianne Riste har fått med seg Victoria Ose og saman arrangerer dei Noregs aller fyrste eventyrmaraton på Vang folkebibliotek no på laurdag.

- Det er eit heilt spinnvilt innfall, som eg er heldig å ha med meg ein spinnvill person på, og no gler me oss skikkeleg til å gjennomføre på laurdag, ler Marianne Riste, biblioteksjef ved Vang folkebibliotek. 

Noregs aller fyrste eventyrmaraton skal altså gå av stabelen kommande laurdag på biblioteket. Du lurar kanskje på kva det er? Eit vanleg maraton er 4,2 mil, så kva blir då eit eventyrmaraton? Jo, lesing i 4,2 timar! 

- Alle eventyra må ha noko med mat, drikke eller eting å gjera, ettersom dette er i samarbeid med Hausttakkefesten til Vinjerock. Heldigvis har jo nesten alle eventyr noko med mat å gjera, så det har løst seg veldig fint, smiler Victoria Ose. 

Eventyrmaratonet er startskotet på Vang sitt program for Valdres litteraturfest!

 

Skal lese over 40 eventyr 

På 4 timar og 12 minutt skal altså Marianne og Victoria slag i slag, lesa over 40 eventyr. Med unntak av eit lite opphald når det er konsert med Daniela Reyes inne på biblioteket. 

- Kanskje det kan vera litt greit med ein pause i midten der, fylle på lagra litt, med mat og drikke vel og merke, ikkje noko gel og proteinbarer, ler Riste. 

- Det er viktig å sei at dette skal vera ei oppleving og ein fin stund for dei som høyrer på, ikkje eit kappløp om å lese flest mogleg eventyr altså, legg ho til. 

Første del av lesinga går av stabelen 10.00-11.57 og andre del blir frå 12.45-15.00, her er alle velkomne til å komme å høyre på, både store og små. Ein kan komme og gå som ein vil, og Marianne og Victoria kan difor risikere å måtte lese nokre strofer utan publikum.

- Me skal lesa oss igjennom alle eventyra uavhengig om folk er tilstades eller ikkje, så det kan bli veldig spennande og kanskje litt kleint, ler Ose. 

- Men slik er det jo på maraton, ein må jo berre fortsette sjølv om det ikkje er noko med deg i løypa. Skal det vera, så skal det vera, skyt Riste inn. 

 

Eventyr for ein kvar smak 

Når ein skal lese så mange eventyr er det viktig å ha eit godt opplegg og vera godt rusta. Både Marianne og Victoria trur det vil bli både ein gøyal og litt slitsom dag. 

- Eg trur det blir mest morosamt, men når me les dei siste eventyra der vil me nok vera ganske slitne. Det er krevjande å vera så på og formidle over så lang tid, seier Riste. 

- Me siktar oss inn på 15-20 minutt lesing kvar, før me bytter. I tillegg til eventyrmaraton denne dagen, skal me og betjene skranken, så det spørs om det blir skrankemaraton og, ler ho. 

Eventyra vil ligge mellom 1-12 minutt i varigheit, og det vil bli ei god blanding mellom gamle, gode slagarar og nyare eventyr. 

- Eventyr er for alle, så her kan ein komme både liten som vaksen for å høyre på, seier Ose. 

Det vil og bli lest eventyr på fleire språk parallelt; polsk, litauisk og arabisk, i tillegg til to eventyr på ukrainsk.

- Me har fått me oss fire flinke hjelparar som skal lese på sitt morsmål, parallelt med at eg og Victoria les, fortel Riste

 

Klokkesletta for desse eventyra er som følger: 

10.45 ukrainsk, to eventyr, uviss tittel enno
11.30 litauisk og norsk, Mannen som skulle stelle hjemme
12.45 arabisk og norsk, De tre bukkene bruse
13.30 polsk og norsk, Pannekaken