IMG 4421
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Arrangerer gjenbruksmarked for Vang håndball

Arrangerer gjenbruksmarked for Vang håndball

04. juni 2023
Iren Vengel Remmen hjå Mormor´s skatter arrangerer neste helg gjenbruksmarked til inntekt for Vang håndball.

- Det blir veldig spennande og vi gler oss veldig til å arrangere. Vi håpar sjølvsagt folk tek turen for å sjå om dei kan finne nokre nye skatter å ta med heim, smiler Iren Vengel Remmen, driver av Mormor´s skatter i Ryfoss. 

For om berre ei knapp veke skal det avholdes gjenbruksmarked ved butikken til Iren, laurdag den 10.juni og syndag den 11.juni, begge dagar frå 11.00-16.00. Alle pengene som kjem inn her, går direkte til håndballen i Vang. 

- Eg synes det er utruleg triveleg å kunne bidra på denne måten til dei som treng det. Når eg får masse fine, gamle skatter, har eg ikkje samvittighet til å beholde det sjølv. Då synes eg det er meir riktig å gje pengane til nokon som treng det meir, seier Vengel Remmen. 

Ho tilføyer også at barnebarnet Nora er mykje med å hjelper til i butikken, og at ho er med å spelar håndball på fritida. 

- Då er det ekstra triveleg å kunne bidra for at håndballen i Vang skal blomstre endå meir. Dei er utruleg flinke, både spelarar og trenarane, smiler ho. 

 

Bredt utvalg skatter

Denne gongen blir gjenbruksmarkedet hjå Mormor´s skatter arrangert utandørs. Og Iren får sjølvsagt hjelp av Nora og andre frå håndballen i Vang! 

- Eg er heldig og har med meg nokre jenter frå håndballen som skal være med å selje under markedet, så det blir veldig fint, smiler Vengel Remmen. 

Ho fortel at det er eit stort og spennande utval skattar på markedet og at ho håpar mange tek turen til Ryfoss denne dagen. 

- Sara´s kafé har sjølvsagt også ope begge dagar, så det er gode moglegheiter for å kombinere marked med kafébesøk, smiler Vengel Remmen.