IMG 5844
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Audun og Solveig opnar alpakkagård på Kvien

Audun og Solveig opnar alpakkagård på Kvien

26. november 2023
Audun og Solveig Jåvold opnar opp for utleie og servering på Kvien. Med særs eksotiske dyr på gardstunet håpar dei at folk vil ta turen!

- Me har mange prosjekter! Og dette er eitt av dem, ler Audun Jåvold. 

Han og kona Solveig Jåvold flytta til gårde Kvien i Høre tidlegare i år. Siden den gong har ekteparet tatt fatt på mange prosjekter. Blant anna gått til innkjøp av 10 alpakkaer, pussa opp deler av gjestehuset og no vil dei starte opp med utleie og servering på garden!

- Når me ikkje har besøk av familie og vener, ønskjer me at gjestehuset skal nyttast til andre trivelege sammenkomster. Difor kom ideen om å starte opp med utleie, smiler Solveig. 

 

Plass til mange gjester 

I gjestehuset er det spiseplass til omslag 25 personar i storsalen/ spisesalen. Her er det mogleg å arrange bursdager, minnestund eller andre arrangement. Audun er utdanna kokk og har lang erfaring frå yrket; 

- Det er difor mogleg å tilby mat og servering for dei som ønskjer dette, smiler han. 

- I tillegg går det an å leige huset for overnatting. Då har me fire soverom og plass til omlag 14 personar, seier Solveig. 

Og utanfor vindauge kan ein skimte 10 artige og trivelege alpakkaer, som verkeleg får deg til å trekke på smilebåndet! 

- Dei er veldig trivelege å ha på garden, og dei bidreg til god stemning, smiler Audun. 

 

For booking eller spørsmål, kontakt: Audun og Solveig Jåvold. 

Mail: post@alpakkavaldres.no

Tlf: 90 60 40 21 

- Jåvolds alpakka-glamping Valdres - 

 

Sjå fleire bileter frå garden og hils på alpakkaene nedanfor!