Foto: JVB Travel
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny bussrute frå Vang knyter saman fjell og fjord

Ny bussrute frå Vang knyter saman fjell og fjord

09. juni 2026
I sommar blir det enklare å oppleve områda rundt Jotunheimen og Sognefjorden. Den nye Fjord & Fjellruta gjer det mogleg å reise mellom fjell, fjord og bygder - heilt utan eigen bil.

Frå 1. juli til 31. august 2026 går Fjord & Fjellruta (Vy 820) gjennom Vang og vidare til Årdal, Lærdal og Aurland. Ruta bind saman nokre av dei mest opplevingsrike områda mellom fjell og fjord, og gir både tilreisande og fastbuande fleire moglegheiter til å utforske regionen på ein enkel og berekraftig måte.

Med avgangar tilpassa dagsturar, kan du starte dagen i Vang og reise til populære reisemål som Utladalen, Kongevegen over Filefjell, Lærdalsøyri, Aurlandsfjellet og Flåm - før du returnerer seinare på dagen. Ruta eignar seg også godt for vandring, sykkelturar og rundreiser med fleire stopp undervegs.

Fjord & Fjellruta kan kombinerast med bussavgangar frå mellom anna Oslo, Bergen og Sogndal, noko som gjer Vang til eit naturleg utgangspunkt for opplevingar i heile regionen.

Det er mogleg å ta med sykkel, hund og bagasje om bord, ved ledig kapasitet. Billettar bør bestillast på førehand via Vy.

Jeg må innrømme at jeg er litt stolt av at vi har fått dette til. Ikke alene, men sammen med mange andre reiselivsbedrifter som har vist vilje til å samarbeide og investere i en felles løsning. Det er ikke alltid enkelt å samle mange aktører på tvers av kommuner, destinasjoner og fylkesgrenser. Men i dette tilfellet har vi klart å samle oss rundt et felles behov og en felles idé. - Skriv Georg Sichelschmidt, Styreleiar, Fjord og Fjellruta SA på jotunheimentravel.com

Du kan lese meir om ruta og bestille billettar her:

https://fjordfjellruta.base44.app/#booking