alexander haugaas.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Avslutning av Sommarles 2019 med tryllekunstnar Alexander Haugaas

Avslutning av Sommarles med tryllekunstnar Alexander Haugaas

09. september 2019

Mange born blei stimulert til meir leselyst gjennom årets Sommarles og deltaking i Vang har vore stor.

- Dette feirar vi med ei Sommarles-avslutning på Vang folkebibliotek laurdag 14. september frå kl. 12.00 med besøk frå tryllekunstnar Alexander Haugaas frå Tryllefabrikken, fortel Juliana Alexandra Bonin ved Vang folkbebibliotek.

Ved å blande humor, magi og musikk skaper Alexander den rette stemninga for barn i alle alder, og heile familien er velkomen.

– Etter trylleshowet kunngjør vi vinnaren av Sommarles hovudpremien - eit gåvekort på 1000,- sponsa av Valdres Sparebank. Det blir også utdeling av andre premien - eit gåvekort frå Norli Fagernes på 300,-. Tredje premien er ein spennande bok utvalt av Vang folkebibliotek, fortel Bonin.

Vinnarane blir trekt tilfeldig blant alle deltakerane i Vang. 

- Vi håpar at mange tek turen til biblioteket. 

Sommarles

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no for barn i 1. – 7. klasse.

Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

Der får barna også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I tillegg til XP kan barna gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.

Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. 

Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS. Sommarles.no blir i 2019 leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti A