IMG 3979
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Awad får deg alltid trygt heim

Awad får deg alltid trygt heim

06. januar 2023
Awad Mustafa starta nyleg opp Ryfoss taxi. No sørger den blide taxisjåføren for å få folk trygt fram, til alle døgnets tider.

- Eg er stort sett alltid blid, det må ein jo også vera når ein jobbar med dette. Også blir eg jo i veldig godt humør av alle dei snille og trivelege folka eg kjøyrer, smiler Awad Mustafa i Ryfoss Taxi. 

I november starta han opp for seg sjølv, etter å ha vore ansatt i eit større firma i fleire år. Ønsket om å bestemme meir over kvardagen og legger opp dagane sjølv, vart etterkvart veldig viktig. 

- Det er jo ein frihet å vera sin eigen sjef, i tillegg har eg betre tid til å hjelpe Sara på kafeen, og sjølvsagt vera meir saman med familien min. Det er jo tross alt det aller viktigste i livet, seier Awad. 

 

 

Lang erfaring bak taxirattet 

Awad sin karriere som sjåfør starta lenge før han flytta til Norge og Vang. Han er opprinneleg frå Sudan, og byrja å kjøyre taxi i heimlandet for å tjene penger. 

- Det var jo absolutt ikkje slik som i Norge. Her må ein jo ha både løyve og riktig utstyr, medan me i Sudan brukte våre eigne private bilar på jobb. Så det var stor forskjell kan du sei, ler han. 

Overgangen var difor stor då han for nokre år sidan byrja å jobbe i Valdres taxi, å skulle sette seg i inn i både reglement, områder og ikkje minst takstameter!

- Eg hugser så godt dei fyrste turene som taxisjåfør i Valdres, det var både uvant og mykje å setje seg inn i, ler Awad. 

Mykje har endra seg siden den gong. Taksameteret ruller og går av seg sjølv, Awad kan både stedsnavn og grender på rams, og ikkje minst er han blitt kjent med mykje trivelege folk på veien. 

- Det eg likar aller best med jobben min er at den er veldig sosial og at eg får moglegheiten til å hjelpe folk. Som taxisjåfør lyt ein vera omgjengeleg, omsorgsfull, flink bak rattet og litt tålmodig, smiler han lurt. 

Awad har løyve for å kjøre taxi i heile Innlandet, og legg ikkje skjul på at det både blir lange dager og lange netter i blant. 

- Det går litt i perioder når det er travelt og når det er stille. Det kan vera veldig travelt når det først står på, også er det ganske roleg når det er lite trafikk. Det er ein fin balansegang å arbeide etter, seier Awad. 

 

 

- Glad i å jobbe 

Awad og kona Sara kom til Vang for 13 år sidan. Dei starta eit heilt nytt liv her og har jobba hardt for å få til det dei ynskjer. Sara driv kafé i Ryfoss, og når Awad ikkje kjøyrer Taxi, hjelper han til på kafeen. 

- Me er vant med å arbeide mykje, og me trivst eigentleg godt med det. For å få oppnå det ein vil, lyt ein legge ned innsats og stå på, seier Sara. 

- Heldigvis er me veldig gode til å samarbeide og fungerer godt i lag, smiler ho. 

Eit stort mål for framtida er å utvide kaféen og få endå betre plass både på kjøkken og til gjester. No håpar Sara og Awad at året 2023 blir bra, på alle måtar!

- Det er tøft å drive eiget når alt er dyrt og sitasjonen er som den er ute i verda. No håpar vi begge at 2023 blir eit bra år med mykje jobb og mange fine stunder, smiler Awad. 

 

Du kan følge Ryfoss taxi på Facebook via denne lenka.

 

Sjå fleire bileter under.