Siste finpuss og reingjering av bassenget kom på plass førre veke. Måndag 29. okotober opnar det for publikum. Foto: Telnis Skuqi
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bassenget opnar

Bassenget opnar

16. oktober 2018

Oppgardert symjehall med terapibasseng opnar for bruk måndag 29. oktober. 

- I dag starta me fylling av bassengene noko som vil ta om lag ei veke. Etter at bassenga er oppfylt vil det gå fire-fem dagar med oppvarming, slik at åpningsdato for bassenget vert måndag 29. oktober, fortel Ove Martin Stende, leiar drift og vedlikehald i Vang kommune. 

Etter at det vart bygd nytt terapibasseng og nye garderober i høve utbygginga av Vangshallen vart det fort tydleg at også det gamle symjebassenget trengte ei oppgradering. Det har skjedd i sumar og i haust. 

– Alt av gamle fliser i bassenget vart fjerna før det vart lagt på ny membran og nye fliser, fortel Stende.

Også vegger og vindauge har fått ny måling og heile bassenget har fått nytt renseanlegg i kjellaren.

– Det har skjedd ein del på teknologisida så med nytt renseanlegg og nytt straumopplegg i kjellaren vil bassenget trekke mindre straum enn tidlegare, fortel Stende.

Opningstider frå og med 29.01
  • Onsdager frå 17:30 - 20:00 (17:30-18:00 er reservert for småbarn og føresette)
  • Fredagar frå 18:00 - 21:00. 

Ellers har både Fjellblom IL og Vang revmatikerforeining bading på torsdagar for sine medlemmar.

Om nokon ynskjer å booke anleggetutanfor desse tidene er det høve for å booke på Vangshallen sine heimesider.