Knut Lerhol (T.V.) Og Hallgrim Børhus Rogn. Foto Emma Børhus Törmä
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bokkveld med utdeling av positivprisen

Bokkveld med utdeling av positivprisen

28. november 2021
Tradisjon tru inviterer Vang folkebibliotek til bokkveld og utdeling av positivprisen. Dette vil du ikkje gå glipp av, så sikre deg ein plass!

- Det er moro å få presentere eit program med berre lokale ressursar, seier biblioteksjef Marianne Riste. 

Ho kan i år presentere eit rikhaldig program. Med lokale forfattarar, song og underhaldning, og sjølvsagt - i kjent stil skal ordførar Vidar Eltun dele ut pris til årets positive vangsgjelding! 

Sett av 1. desember kl. 19:00 til ein triveleg og innhaldsrik kveld på biblioteket. 

- Viss du vil sikre deg plass, meld deg på ved å sende ein e-post til biblioteket@vang.kommune.no eller ringe 61 36 94 26 i biblioteket si opningstid, smiler Riste. 

 

SLIK SER KVELDENS PROGRAM UT:


* Hallgrim Børhus Rogn og Knut Lerhol fortel om den rykane ferske boka Badstufolk
* Anna Ødegården og Kari Hagaseth underheld med song
* Ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding
* Boksal ved Norli Fagernes