Sigmund Løvåsen (f. 1977) kjem til bokkvelden i Vang og fortel om biografien om Kjell Aukrust. Foto: Silje Rønneberg Hogstad
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bokkveld og positivprisen 2020

Bokkveld og positivprisen 2020

24. november 2020

Den tradisjonsrike bokkvelden før jul avsluttast i kjent stil med at ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding.

– Kven som er nominert er ikkje kjent, og det knyt seg som alltid stor spenning til kven som får den gjeve prisen, fortel bilbioteksjef i Vang, Marianne Riste. 

Det er formannskapet som handsamer dei innkomne forslaga og bestemmer kven som skal få prisen.

Før prisutdelinga får vi ulike kulturelle innslag. Leslie Ayres, kjend i og utanfor Valdres som målar, diktar og friluftsmann, vil lese opp dikt blant anna frå si ferske diktsamling.

– Lokale songarar vil underhalde før vi slepp til Sigmund Løvåsen som skal fortelje om Kjell Aukrust sitt liv og kunstnarskap, fortel Riste.

år er det 100 år sidan Aukrust vart fødd, og mange har gode minner frå historier, bilete og filmar frå denne folkekjære mangekunstnaren frå Alvdal. Sigmund Løvåsen har, i tillegg til den ferske, breie biografien om Aukrust, skrive romanar, skodespel og ei diktsamling.

I haust har vi plassrestriksjonar på alle arrangement. Ønskjer du å sikre deg plass: meld deg på til biblioteket@vang.kommune.no / 61 36 94 26. Blir det ikkje fullt kan du også møte i døra.

Velkomne til ein triveleg og innhaldsrik kveld!