Onsdag var det reportasje om Torstein på Dagsrevyen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Boklansering i alle kanalar

Boklansering i alle kanalar

01. april 2019

Etter to års samarbeid med forfattar Ola Henmo er biografien om Torstein Lerhol klar for lansering. Denne veka har Torstein vore høgt og lågt i nasjonalmedia og onsdag kjem han til biblioteket i Vang for boklansering.

Det heile vart sparka i gang med Dagsrevyeninnslag onsdag kveld og toppsak på NRK.no dagen etterpå. Fredag vart det både lang reportasje i A-magasinet (abo) i lag med syster Synne Lerhol før dagen vart runda av rundt bordet hjå sjølsvaste Lindmo

Boka er allereie ein salssuksess og forlaget Cappelen Damm opplyser at tredje opplag er sendt til trykken - og det før ho er lansert.

No held den intensive lanseringa fram i tida som kjem, fyrst ute er biblioteket i Vang der Torstein vert bokbada av Knut Aastad Bråten onsdag 3. april frå klokka sju.

Her er Vang Frivilligsentral sin pressemelding om lanseringskvelden.

Torstein Lerhol frå Vang har SMA, og ville ifølge legane berre bli to år. Nå er han 32, veg 20 kg og pustekapasiteten er på 11 prosent. Han kan berre bevege éin finger, ligg i rullestol og treng assistanse heile døgnet. Likevel er han ordførarkandidat, næringslivsleiar og foredragshaldar, og fungerer som brekkstang i saker om det å vere annleis.

Hausten 2017 innleia han eit samarbeid med Ola Henmo, frilans forfattar og tidlegare skribent i Aftenposten. No er biografien ein realitet, utgitt av Cappelen Damm forlag. 4. april blir det lanseringsfest i Oslo, men først skal heimbygda få ein sniktitt. - For meg er det helt naturlig å ha før-lanseringen i hjembygda mi. Boka inneholder historier og skildringer fra Vang, fra jeg var liten og frem til i dag, seier Torstein. 

Med seg har han Knut Aastad Bråten, og Torstein gler seg til å fortelje sambygdingane om boka.

- Jeg har ønsket å ha Knut til å bokbade meg fordi han er en stor kulturpersonlighet i Valdres, og i landet forøvrig. Han har røtter i Vang og er en person som ikke er redd for å stille de vanskelige spørsmålene.

Arrangementet er i regi av Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek, og det er fri entre, kaffi og kringle. I tillegg kjem Fagernes Libris for å selje boka (kort / kontant).