Fullsizeoutput 17B4
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Braksuksess for Stolpejakten i Vang

Braksuksess for Stolpejakten i Vang

15. november 2021
Fyrste år med Stolpejakten i Vang vart ein braksuksess! Tyin IL og Fjellblom IL kan pakke ned stolpane med over 23 000 stolpetreff og eit vanvittig engasjement frå både bygdefolk og hyttefolk.

- Det er heilt utruleg! At det skulle bli så populært og så godt motteke hadde me vel aldri trudd, smiler Torstein Grøv, leiar i nystifta Tyin IL

Stolpejakten går ut på å finne stolpar plassert på et gitt område, ved hjelp av kart på app, nettside eller på ark. Fleire kommunar i heile Norge nyttar Stolpejakten som eit godt og populært lågterskeltilbud, og i år slang også Vang kommune seg på for fyrste gong.

- Det var Mona fra Frisklivssentralen som fyrst introduserte ideen og lurte på om me ville vera med. Me brukte ikkje lang betenkningstid før me vart med. Lenge har me tenkt på å få til eit slik type lågterskeltilbud, så dette var heilt supert, seier Hallgrim Rogn, leiar i Fjellblom IL.

 

60 ulike stoplar i Vang 

Stolpejakten strekk seg frå midten av juni til starten av november, og totalt har det vorte plassert ut 60 stolpar fordelt på Tyin/ Filefjell og Åsvang-området. 

- Me hadde 30 på fjellet og 30 på Åsvang. Det var ein stor jobb i forkant med å sette opp og plassere stolpane nøyaktig, men det har jo absolutt vore verdt det, smiler Odd Tore Moen, hytteeigar og engasjert medlem i Tyin IL. 

I tillegg er kvar stolpe merka med ei QR-kode ein kan scanne, og dermed få opp relevant informasjon om både servering, kultur, historie og attraksjonar. 

- Tanken er jo at folk som er på tur også skal bli kjent med område dei vandrar i, samt koma tilbake neste år. Me vil jo at flest mogleg skal komme hit! Faktisk, var det nokon som leigde seg hytte her, berre for å vera med på Stolpejakten, ler Moen. 

- Målet må jo no vera å doble antall stolpetreff neste år, ler Grøv. 

 

Gode tilbakemeldingar 

Med så gode stolpetreff på fyrste år, kjem også dei gode tilbakemeldingane frå både lokale, hyttefolk og folk ¨uttabygds¨. 

- Me har fått utruleg gode og positive tilbakemeldingar på opplegget. Det er gøy å få folk til å bruke området og at folk i alle aldre kan delta og engasjere seg, smiler Grøv. 

- Samstundes er det eit utruleg godt folkehelsetiltak! Frisk luft og aktivitet er godt både for hovudet og kroppen, så dette er ei heilt knall, seier Mona Wiik Jonassen, ved Frisklivssentralen i Vang. 

Med snødekt natur og vinteren i anmarsj er stoplane no pakka vekk for sesongen, men jammen skal dei ¨oppatt og atte¨ til sumaren! 

- Me gler oss allereie til dei skal opp. No skal me evaluere årets sesong og sjå om me kanskje skal endre litt på plassering slik at me får endå fleire treff, seier Moen. 

- Så kan me absolutt varmt anbefale dei andre idrettslaga i Vang å bli med på Stolpejakten, dette er utruleg gøy og givande, smiler Grøv.