BUA 2 År Cover
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv BUA Vang feirar 2 år!

BUA Vang feirar 2 år!

20. februar 2023
Hipp hurra for BUA Vang som i februar feirar to år med utstyr, utlån og upåklageleg god service!

I februar er det 2 år sidan BUA Vang opna! Dette feirar vi torsdag 23. februar kl 15-18 med utvida opningstid, pølse på bålpanna og kake i BUA. Ei real kakebu der altså!

Har du aldri vore i BUA før er dette eit godt høve til å kome innom og sjå kva vi har slags utstyr, eller få hjelp til å opprette ein brukarkonto. Vi har masse ting til både leik, sport og friluftsliv, og tilbodet er ope for absolutt alle.

Vi har fleire nye artiklar av året, visste du til dømes at vi er den første BUA-en i landet som har badstutelt?

Om du er ny og vil registrere deg må du ta med legitimasjon og mobiltelefon. Du må også ha epostkonto. Det er berre personar over 18 som kan registrere seg som lånarar, men barn og ungdom kan leggast til som medlånarar slik at dei kan kome og låne på eigenhand.

BUA Vang finn du mellom Drengestøga og Vangsheimen. Her kan du låne friluftsutstyr heilt gratis! Normalt har vi ope tysdagar og torsdagar kl 15-16.

Velkommen til BUA Vang!