Screenshot 2014-10-28 10.35.21.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bulystfilm

Flyktningar med framtidstru

28. oktober 2014

Mange busette flyktningar dreg frå bygda mot byane etter at dei obligatoriske åra med introduksjonskurs er avslutta. I Vang jobbar ein for å snu trenden gjennom bulystprosjektet «Integrerande arbeidsliv».

– Vi har hatt med fem personar i prosjektet der fokus har vore på å utvide nettverket, samt få dei ut i arbeidspraksis, fortel Caroline Fleten hjå prosjekteigar Innovangsjon.

Arbeidet er på ingen måte over, men etter vel eit år har prosjektet dratt på seg såpass mange erfaringar at det høvde seg med ein film.

– Vi ynskjer både å inspirere andre, samt å syne fram lokalt kva prosjektet eigentleg handlar om, fortel dagleg leiar hjå Vang Frivilligsentral, Marte Tangen.

Filmen er allereie vist med god respons på nasjonal fagsamling for bulystprosjekt på Frøya. No kan også du sjå filmen! 

Bulystprosjektet «Integrerande arbeidsliv»Vang i Valdres from Innovangsjon on Vimeo.

Takk til alle som har bidrege og til Scanout.com for framifrå foto– og redigeringsarbeid.