Nyheit

Celebert teatergjensyn i Vang

  Nyheitsarkiv
18. nov 2019
Statsteateret kjem til Åsvang med ein romantisk actionkomedie med handlingen lagt til Lahore i Pakistan.
«Statsteatret 2010 – Lollywood» til Åsvang 1. desember

Etter fullt hus i fjor haust kjem Statsteateret tilbake til Åsvang samfunnshus for å spela ut ein romantisk actionkomedie lagt til Lahore i Pakistan. Velkommen til Statsteatret 2010 – Lollywood.

– Det var heilt utruleg artig å fylle Åsvang samfunnshus til siste sete under førestillinga i fjor, så når Statsteateret følgjer opp med eit minst like godt stykke som sist var det klart dei laut ta turen til Åsvang, fortel Ragnhild Lund som gjennom sitt kontaktnett har landa førestillinga til Vang og Åsvang.

Det heile skjer altså på Åsvang samfunnshus sundag 1. desember klokka 20.00 - billettar kjøper du her

Sjekk til dømes denne anmeldelsen frå Aftenblandet  eller denne frå Bergen - det er kvalitet som kjem til bygda!

Kjende fjes

Gjengen bak framsyninga er kjende fjes som Per Kjerstad, Gard b. Eidsvold,Kim Sørensen og hedølen Cato Skimten Storengen.

Årets forestilling er den niende av i alt ti eit prosjekt som freistar å gjenfortelle soga om Noreg på nytt. No er det nåtida som gjeld, og sjølv skriv dei dette om stykket.


«I Statsteatrets 9ende forestilling ønsker vi velkommen til vår egen samtid. Og denne gangen har vi lagt ut på en lang reise i håp om å få øye på oss selv. Vi følger et norsk filmselskap i sine bestrebelser etter å lage en thriller av internasjonalt kaliber.

Med i det mangslungne teamet finner vi også de norske skuespillerbrødrene Shahid og Jamshed Khan. Filmteamet kjemper mot klokken, kreditorer, korrupsjon og konspirasjoner, samt ublide møter med løver og tigre, strømbrudd, magesjau og våpen på avveie. Vil filmen noensinne bli ferdig?

Velkommen til en fundamental reise i skyggen av mangotrærne.»

Meir på facebook. 

PS: Om du treng hjelp med å handle på nett - ta med BankID-brikka innom Friviilligsentralen på biblioteket.