IMG 3308
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Damene fekk sving på motorsaga!

Damene fekk sving på motorsaga!

24. oktober 2023
Teknikk, sikkerheit og finmotorikk stod på agendaen då eit knippe damer forrige veke lærte seg å svinge motorsaga på korrekt vis!

- Det er veldig kjekt å lære seg å håndtere motorsaga betre, og bli endå tryggare i ulike arbeidssituasjoner. Sikkerhet er viktigst, smiler Randi Ødegården. 

Ho har take turen til ein gard i Høre denne haustdagen, saman med tre andre lærevillige damer. Her arrangeres det nemleg eit motorsagkurs for kvinner, i regi av Vang Avløysarlag

- Ein blir meir sjølvstendig i mykje, og slepp å be om hjelp frå andre. Det er veldig fint å inneha slik kunnskap, spesielt om ein driv eigen gard, seier Anne Døvre. 

- Også er det kjekt at me kunne få til eit eige kurs for damer, det er det fleire som har ønska seg. Så, no gler me oss til å lære mykje og bli tryggare, smiler Randi Sandhaugo. 

 

Viktig del av sikkerhetsopplæringa 

Motorsagkurset består av to dagar, med både teroridel og praktisk arbeid. For alle som skal arbeide med motorsag, settes det krav frå Arbeidstilsynet til sikkerhetsopplæring. Denne dagen er det Bjørnar Sørbøen frå Skogkurs som er kurshaldar. 

Gjennom desse to dagane skal han guide damene igjennom blant anna vedlikeholdsrutiner og sjekk av sagens verneutrustning, samt personlig verneutstyr. Sikkerhetsregler ved bruk av motorsag. Grunnleggende bruk av motorsag og arbeidsteknikk. Sikker felling, kvisting og nedtaking av fastfelte trær, samt bruk av hjelpeutstyr og sikker kapping av trestammer.

- Det er intensiv læring på to dagar, men det er veldig effektiv, og viktig at ein har denne kompetansen, seier Sørbøen. 

Han fortel at han held omlag 20 slike skogkurs gjennom året, og at det er blitt meir og meir vanleg med damer som ønskjer å lære meir om sikkert arbeid med motorsag. 

- Det er veldig kjekt å sjå! Å halde kurs er alltid artig og givande, smiler Sørbøen. 

 

Sjå fleire bileter frå motorsagkurset nedanfor!