Valdreskvelven spel- og dansarlag syta også for fullt dansegolv.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Dansefest

Dansefest på Åsvang

23. november 2015

Både band og spelemannslag fylte dansegolvet på årets siste Fredagskos i Vang.

– Det vart ein triveleg bygdefest med alle ingrediensane som høver seg. Det var særleg artig at det var såpass fullt på dansegolvet heile kvelden. Det er tydeleg at dansekursa det siste året har sett spor i bygda, seier Innnovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Gruppa «Good time Charlie» opna konsertkvelden klokka ni med sin «rythm and blues». Det varierte mellom fult bluestrøkk og allsong, til rolegare låtar. Stødig framført av fire musikarar frå øvste hylle. Etter dette vart det gamaldans og springar ved Valdreskvelven spel– og dansarlag, før «Good time Charlie» avslutta kvelden med eit timelangt dansesett.

Mat frå grenda

Som alltid var maten ein viktig ingrediens på Fredagskos. Denne gongen var den av det superkortreiste slaget.

– Kjekompotten var av kjekjøtt frå Valdres killing, noko som betyr at dyra er heimehøyrande på Slettefjell. Mens Bjørg Berge som også held til i grenda leverte rognebærgelé og ein tyttebær–krekling-gelé som høvde seg særs godt til kompotten, fortel Rogn.

Også fire slag øl frå Små vesen, kaffi og heimebaka kake var å få kjøpt.

Valdreskvelven spel– og dansarlag,Vang Frivilligsentral, Vang kommune og Innovangsjon stod saman om arrangementet som samla seksti personar på Åsvang skule.