Bjørn Nylander har kjøpt gard med mjølkekyr i Høresbygde og støling ved Bygdin i Jotunheimen. Korleis er det å ta over ein gard i full drift? Korleis klare balansegangen mellom investeringar, økonomi? Bjørn bidreg både på dag- og kveldstid under arrangementet.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Dei unge stiller opp

23. oktober 2019

På laurdag er det klart for fest og seminar i regi av Huga på gard og faglaga i Vang og Vestre Slidre på Syndinstøga. Hovudtyngda av påmeldte er yngre gardeigarar og bønder frå Vestre Slidre og Vang

 – Vi ser at også ein del frå generasjonane over stiller opp for å bli kjent med nye kollegaer, men her har vi ei oppmoding på tampen om at fleire etablerte bønder tek turen! Særleg til festen på kvelden hadde det vore stas med fleire eldre, fortel prosjektleiar Anne Live Garvik.

Syndinstøga stiller med «Fjelltapas» frå øvste hylle med mellom anna ørret frå Syndin, rakfisk, brent laks, roastbeef av Tyinlam, hjortekarbonader, viltgryte, spekeskinge, kurv og fleire ulike ostar frå Valdres.

– Det vert bra mat og bra folk med felles interesse og engasjement for landbruket i Valdres, seier Garvik.

På seminarprogrammet frå 10-16 står mellom andre Randi Ødegården, Björn Nylander, Lizas småbruk og fleire andre dyktige gardbrukarar frå regionen.

Det kjem også ein del frå andre stader enn Valdres, men som følgjer med på landbruket og ynskjer å investere i gard her.

Meir info her - sjekk også ut hending på facebook.

Påmelding 
annelive.garvik@gmail.com // 959 36 189 (sms) 
Hallgrim Børhus Rogn hallgrim@vangivaldres.no // 41 222 769 (sms)