Vinjerock 2019.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Desse artistane er klare for Vinjerock 2019

Desse artistane er klare for Vinjerock 2019

01. november 2018

Sunnmørsjenta Sigrid gjorde ein strålande konsert på Vinjerock i 2017. Sidan då har ho reist verda rundt med musikken sin, no sist med ny-sleppet Suckerpunch. Til sommaren kjem ho attende til Eidsbugarden, og Vinjerockarane kan vente seg nok ein fest av ein konsert.

Eit attersyn blir det også med Real Ones. Favorittane frå Bergen sluttar aldri å imponere, og deira ferskaste album Hey future, hey past, trilla dei høgste tala på terningen. Låta Five, Six, Seven, Eight på plata vart faktisk spelt inn på ei hytta då bandet vitja Vinjerock ei heil veke for nokre år sidan.

Thea Hjelmeland skal også stå på scena under Vinjerock neste sommar. Popdronninga frå fjordfylket vest for Valdres skal ta med vinjerockarane inn i sitt elektroniske og magiske poplandskap, med tekstar som rystar godt i kroppen.

Frå brasilianske strender til Bygdin sine breidder

I år får Vinjerock for fyrste gong besøk frå over atlanteren. Ladama har medlemmer frå Columbia, Venezuela, Brasil og USA, og musikken deira er ei herleg blanding av medlemmene sine respektive kulturar.

– Ladama er ein herleg smeltedigel av latinamerikansk musikk, energisk framført av unge musikarar som set sitt eige, tydelege stempel på musikken. For oss er det viktig å presentere musikk fra andre delar av verda. Det gir et mangfold til programmet og det er med på å skapa de unike opplevingane i fjellet. Det er langt fra strendene i Brasil til Jotunheimen, men musikken er grenseløs, seier bookingsjefen om bandet.

Lista er lang. Til Vinjerock 2019 kjem også Emir, Malin Pettersen, Pom Poko og Get Dancy med 9 grader nord på laget.

Les meir om artistsleppet på vinjerock.no!