Lokal kvalitet og god førjulsstemning er stikkord for førjulsmarknaden i Øye, som også vert arrangert i år.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Det vert førjulsmarknad også i år

Det vert førjulsmarknad også i år

07. oktober 2020

Etter godkjenning av kommuneoverlegen og grundig vurdering i arrangementskomiteen er det beslutta å arrangere førjulsmarknad i Øye som vanleg helga 21. og 22. november. 

Marknaden har etablert seg som eit fast møtepunkt mellom bygdefolk, hyttefolk, handverkarar og matprodusentar i Vang der stuttreiste kvalitet vert omsett.

– Utvalet er stort og variert, frå mat til treprodukt og husflid. Marknaden er ein unik plass for å sjå kva folk i Vang produserer lokalt året rundt og vi er glad for at det vart ei løysing også i år, fortel Marit Gjærdingen.

Saman med Bjørg Berge og Iren Vengel Remmen utgjer ho årets arrangementskomite. 

Dei kjem til å følgje tett med på smittevernråd framover og forsikre seg om at dei held seg til alle retningslinjer i det marknaden går av stabelen.

– Det meste vert nok som tidlegare år for dei besøkjande, men sjølvsagt med nokre korona-justeringar. Vi ynskjer alle Velkommen til marknad!