Nyheit

Digitale biblioteknyheiter

  Nyheitsarkiv
30. mar 2020
  • Juliana Bonin ved Vang folkebibliotek ynskjer innspel til kva dei skal fylle på med av bøker i Bookbites-appen.
  • Last ned bookbites for gratis lyd- og e-bøker.
Gratis krim til påske

Vang folkebibliotek tilbyr no gratis e-bøker og lydbøker gjennom appen Bookbites - og du kan bestemme utvalet.

– Vi har vi allereie kjøpt inn ei større krimpakke med over 50 titlar no til påske, fortel bibliotekmedarbeidar Juliana Bonin ved Vang folkebibliotek.

Målet er no å forme innhaldet i appen akkurat etter kva vangsgjeldingane ynskjer seg.

– Vi er opne for alle forslag om bøker. Send oss ditt bokynskje, så skal vi få det det på plass i appen, lovar Bonin.

Her finn du bøkene

BookBites er ein lese- og utlånsapp for nettbrett og mobile einheitar som gir tilgang til e-bøker og lydbøker gjennom ditt bibliotek.

For å koma i gang treng du e-postadresse og lånekort:



  1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play

  2. Lag ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
  3. 
Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket

  4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Ikkje nøl med å ta kontakt viss du urer på noko, treng hjelp til å kome i gang med BookBites eller har eit bokynskje. Du får tak i oss via facebook, på e-post biblioteket@vang.kommune.no og via telefon 952 40 748 eller 928 64 607.

For andre digitale ressursar sjå http://www.valdresbiblioteka.no/.