Løypekøyrarane i Vang har flotte dagar på jobb denne påska. Foto: Tyin-Filefjell turløyper.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Draumepåske i Vang

Draumepåske i Vang

15. april 2019

Alt klaffar i Vang denne påska.

Det er for fint vêr til å gjera ei lang utgreiing om alt som er flott med denne påska i Vang. Her har du difor den korte versjonen.

Mange av hendingane dei neste dagane finn du i kalenderen her på vangivaldres.no. Vi kan mellom anna nemne langfredagsvaffel på Sydin  Filefjellrennet på Filefjell Langfredag.

Løypestatus

Litt hardt på morgonen, men ellers superforhold i dei fleste løypenetta i kommunen er den korte oppsummeringa frå løypekøyrarane. 

Slettefjell løypelag laut avslutte køyringa til påske då løypenettet ligg i solsida og fleire strekk var bare. Men både gamle løyper og skareføret er å anbefale i denne delen av kommunen. 

Ellers er sjølvsagt anlegget på Tyin-Filefjell ope alle dagar og moglegheitene for ein topptur eller ti mange.

Framleis god påske til alle som feirar i Vang!