Fullsizeoutput 15Cb
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Dugnad på Kongevegen

Dugnad på Kongevegen

14. september 2021
Klar for ein kongekveld på Kongevegen? Onsdag 15. september er det dugnad ved Varpebrua.

Ein så framifrå flott veg som Kongevegen fortener å takast vare på. Og det er nettopp det dugnadsgruppa for Kongevegen held på med! 

- Målet er å gjennomføre dugnad langs Kongevegen i Vang, der parsellen Kongevegen over Filefjell er den mest viktige. Men, me ynskjer og å organisere arbeid langs Kongevegen gjennom heile Vang, seier Oddbjørn Skeie.

No inviterar dugnadsgjengen fleire til å vera med, og onsdag 15. september klukka 17.30 er det duka for skikkeleg dugnadsånd ved Varpebrue. 

- Alle er velkomne til å bidra. Ta med godt humør og arbeidsvilje, smiler Skeie. 

Dugnadsgruppa har også ein eige facebookside med meir informasjon om arbeidet dei legg ned. 

Lurar du på noko? Kontakt Oddbjørn Skeie på tlf 950 76 539.