Nyheit

Dukk! – Snøballfestival på Tyin–Filefjell

  Nyheitsarkiv
16. feb 2016
  • Øyvind Stende er primus motor «Ung på Filefjell» som står bak snøballkrigfestivalen Dukk! på Tyin-Filefjell.
  • Dukk! er fyrste arrangement frå ein gjeng unge og engasjerte vangsgjeldingar.
  • Seks spelarar per lag på tidanes snøballkrig - meld deg på :-)
Ungt initiativ skapar liv

 Snøballfestivalen Dukk! i april er fyrste arrangement i regi av ein gjeng unge vaksne vangsgjeldingar som brenn for Tyin–Filefjell.

– Dukk! er tidenes snøballkrig på Tyin–Filefjell, fortel Øyvind Ekerbakke Stende som er ein av initiativtakarane til festivalen.

Saman med fem andre har har han starta ungpafilefjell.no som arbeidar med aktivitetar og «happenings» i Vang.

Organisert snøballkrig

Konseptet er enkelt. Treff alle motstandarane med snøball - eller stel lagflagget deira - då vinn du. 


– Eit par av oss har vore på Yukigassen i Vardø og vi er inspirert av både snøballkrigen og folkelivet der. Dette vert den einaste snøballkrigen i sitt slag her i Sør–Noreg, fortel Stende.

Det er seks deltakarar per lag, og aldersgrensa for å delta er 16 år. Skiheisen på Tyin-Filefjell stiller med sesongkort til alle seks på vinnarlaget.

– Helga vert også mykje meir enn berre ein snøballkrig. Det er trass alt festival, så det vert både øl–telt, matservering og fest, forsikrar Stende. 

Dukk! arrangerast på Tyin–Filefjell helga 8.–10. april i år. 

Les meir og meld deg på her ungpåfilefjell.no

Og ja, dette er altså fyrste av fleire stunt frå «Ung på Filefjell»–gjengen. Følg dei gjerne på Facebook!