Akkurat no er ti maksgrensa for hendingar hjå biblioteket og frivilligsentralen. Følg med for å få med deg alle datoar, påmelding og retningslinjer framover.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Dynamisk vårprogram hjå bibliotek og frivilligsentral

Dynamisk vårprogram hjå bibliotek og frivilligsentral

12. februar 2021

Vårprogrammet på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral er klart.

– Denne våren er det utfordrande å vite kva vi kan gjennomføre. Difor presenterer vi våre faste aktivitetar, samt nokre av arrangementa vi ønskjer å få til - men der ikkje alle datoar er spikra, fortel dagleg leiar i Vang frivilligsentral, Marte Tangen.

Nytt av året er ein datakafé, som startar opp måndagar etter vinterferien.

– Her blir det ulike tema, og vi skal gjere vårt beste for å hjelpe deg med alle digitale utfordringar du måtte ha.

Elles startar det også opp eit teiknekollektiv, sparka i gang med ein teikneseriekveld – for vaksne. I tillegg held dei fram med dei opne måndagslunsjane, Niste med noko attåt, norsktimen med Elisabeth Sparstad og lekseklubben.

– Akkurat kan vi samle opp til 10 personar innandørs. Vi har planar om å gjennomføre både vinterferieaktivitetar, ein konsert med Trio Gyllesvärd, eit verkstad for debattleiing og fleire litt større arrangement utpå våren, men det må vi vurdere fortløpande ettersom korleis smittevernreglane endrar seg. Krimtips til påske skal de uansett få, fysisk eller digitalt, og litt sykkelmekking i friluft reknar vi med går i orden, fortel Tangen.

På arrangementa vil det vere avgrensa plassar. Vil du sikre deg plass: meld deg på til biblioteket eller frivilligsentralen. Velkomen skal du vere!

Her ligg heile programmet.