Sigrid Skjerdal og Guro Furunes Pettersen var særs nøgde med årets Vinjerock! Foto: Vinjerock.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Eit gledeleg gjensyn med Vinjerock

Eit gledeleg gjensyn med Vinjerock

29. september 2022
Etter to rolege år, var det magisk stemning på Eidsbugarden då Vinjerock endeleg kunne samle tusenvis av musikkglade fjellfolk til festival att!

- Det var heilt fantastisk å endeleg få arrangere Vinjerock att, og kjenne på den felleskapsfølelsen det er å lage festival saman, det er noko heilt spesielt, seier Sigrid Skjerdal, avtroppande festivalsjef. 

Og årets festival var nemleg heilt spesiell. Etter to år med nærmast ingen kulturpåfyll, var det ingen tvil om at jubelen stod i taket då Vinjerock endeleg gjekk av stabelen i år. Med tettpakka opplegg frå torsdag til sundag, med både artistar, aktivitetar, foredrag og fantastisk lokalmat - er det ingen tvil, årets Vinjerock vart magisk. 

- Energinivået var høgt og det var mykje glade folk å sjå på festivalen. Når ein har bygd opp forventningane i litt over to år, kan ein nesten samanlikne det med kyr på vårslepp, ler Skjerdal. 

I år var det og ein avtroppande og ein påtroppande festivalsjef på Vinjerock. Skjerdal gir stafettpinnen vidare til ein kjent og kjær kollega i staben, nemleg bookingsjef Guro Furunes Pettersen!

- Det både litt skummelt og veldig spennande å få ta over etter Sigrid, men eg gler utruleg mykje. Det var veldig kjekt at me fekk årets festival saman, smiler Furunes Pettersen. 

 

Solid gjeng bak festivalen 

Det er ikkje småtteri å arrangere festival på høgfjellet. Difor er det ekstra gledeleg at Vinjerock kvart einaste år har med seg nærmare 700 frivillige, som arbeidar dag og natt for å gjera festivalen uforglemmelig. 

- Akkurat det er heilt unik med Vinjerock, alle dei flinke folka som er med og arbeider, og gjer ein fantastisk innsats for festivalen. Både dei frivillige og staben vår, seier Furunes Pettersen. 

For det står virkeleg ikkje på innsats, lagånd og dugnadsarbeid når Vinjerock skal opp og stå. 

- Me er utruleg heldige som har lokale bedrifter som stiller opp og veit kva dei driv med, me har eit lokalfolk som er med når me treng hjelp - Vangsgjeldingane sviktar oss aldri. Det er ein solid gjeng med folk altså, og det er jo det som er Vinjerock, seier Skjerdal. 

- Hadde det ikkje vore for at frivillige, lokale, kjente og kjære og alle andre stilte opp, ville det vore umuleg å arrangere, legg ho til. 

 

Gode minner frå årets festival 

Dei to festivalsjefane har fleire gode minner frå årets festival. Blant anna blir Vinjepride trekt fram som eit fantastisk arrangement. 

- Over 300 personar samla seg til Vinjepride, det er rekordmange! Med fine appeller og fantastisk musikk. Eg får nesten heilt gåsehud av å snakke om dette, det viser berre at fjellet er for alle, seier Skjerdal. 

- Så vil eg vil nesten trekke fram dei to vekene med opprigg, der me alle jobba saman for å få Vinjerock opp og stå, som noko av det morosamste. Det å bygge opp til sjølve festivalen var utruleg artig. Så fekk me nesten sjokk då publikum kom, og såg kor mange dei var, ler ho. 

I tillegg trekk Guro og Sigrid fram konserten til den svenske folkemusikaren Sara Parkmann, som gjorde ein nydelig konsert og fekk med heile publikum på allsang! Absolutt ein høydare for både festivalsjefane og publikum!

- Alt i alt kan me oppsummere festivalen som veldig vellykka! Det er superkjekt å endeleg få lage festival att, og me gler oss allereie til neste år - då skal me gjere så mykje artig, smiler Furunes Pettersen.