IMG 5725
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Eit unikt innblikk i natur og kultur

Eit unikt innblikk i natur og kultur

31. oktober 2023
Valdres Natur-og Kulturpark hadde for litt sidan eit spennande samarbeid med 9. klasse ved VBU og Junior Rangers!

- Det har vore nokre veldig fine, morosamme og innhaldsrike dagar, seier Katharina Sparstad frå Valdres Natur- og Kulturpark. 

I samarbeid med 9. klasse frå VBU har VNK hatt besøk av elevar frå både Sverige og Danmark, gjennom opplegget Junior Rangers (Ung i Park). Det er Norske Parkers ungdomssatsning. Programmet skal bidra til å styrke praktiske ferdigheter og kunnskap om ivaretaking av natur- og kulturverdier blant ungdom og unge voksne.

- Det som gjer det ekstra artig er at dei som er med i Junior Rangers har sjølv valgt å vera med, og er derfor oppriktig og genuint interessert i opplegget, og det er veldig givande å sjå. Det smitter over, smiler Sparstad. 

 

Spennande og variert opplegg 

Ho fortel at dei har hatt eit variert opplegg medan dei har hatt besøk frå Sverige og Danmark. Blant anna var gjengen på besøk i Lærdal, Borgund kyrkje og dei fekk gå Vindhella-vegen! Dei har lært om veghistorie og gått Kvamskleiva, og sist, men ikkje minst har dei vore på besøk hjå Tor-Evert Grøndal på Øvre Brekkebakkadn. 

- Mange av de fra Sverige og Danmark hadde sett serien om Tor-Evert og korleis han har skapt eit liv på Brekkebakkadn, og det var nok veldig spennande å faktisk koma opp dit og sjå, smiler Sparstad. 

- Der delte me oss inn i tre grupper. Ein gruppe rydda i skogen, ein gruppe lærte om tradisjonsmat og blant anna ysting, og den tredje gruppa fekk høyre historia til Tor-Evert. Det var veldig kjekt, legg ho til. 

 

Sjå fleire bileter frå dei spennande dagane nedanfor.