IMG 3974
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Elise klar for nye eventyr i Vang

Elise klar for nye eventyr i Vang

09. desember 2022
Elise Solheim Garvik er ny rådgjevar for landbruk, natur og miljø i Vang kommune!

- Eg studerte saman med ei frå Etnedal, som introduserte meg for Valdres, men eg hadde aldri høyrt om Vang før eg såg stillingsutlysninga i sommer, ler Elise Solheim Garvik. 

Og frå stillingsutlysning til fast jobb - no er ho er tilsett som rådgjevar for landbruk, natur og miljø! Elise er opprinneleg frå Stavanger, men har dei siste fem åra budd i Bø i Telemark, og studert økologi og naturforvaltning. 

- Då eg flytta frå Stavanger til Bø, synes eg jo at det var ein liten plass. Og no er eg komen hit til Vang, som er endå mindre, men utruleg koseleg og vakkert, smiler Solheim Garvik. 

 

Flytting på sparket

Frå Elise var på intervju og sin fyrste tur i Vang, til ho byrja i jobben - gjekk det knappe tre veker. Difor vart det flytting og flyttelass i hurten og sturten for Stavangerjenta! 

- Det gikk slag i slag, og alt skjedde veldig på sparket. Heldigvis var kommunen behjelpelege med å skaffe bustad, og det var veldig avgjerande for at det gjekk så knirkefritt å flytte, fortel Solheim Garvik. 

Og med på flyttelasset er også hesten til Elise! Ein trufast ven gjennom 12 år må sjølvsagt få vera med på reisen til Vang. 

- Han har alltid vore med meg på nye eventyr! Det er veldig kjekt å få ha med hesten hit, då får eg meg noke veldig fine ettermiddagturar. Og frisk luft, ler Solheim Garvik. 

- Det hender eg sitt på kontoret mitt og ser ut på fjella, og tenkjer at eg heller burde vore utandørs. Då er det ekstra kjekt å ha hest, legg ho til. 

 

Gler seg til å utforske Vang 

Sjølv om Elise ikkje har vore i bygda i meir enn seks veker, har ho allereie funnet seg godt til rette. Ho byrjar å fall på plass i jobben og gler seg no stort til å dypdykke ned i arbeidsoppgåvene. 

- Veit du, eg gler meg skikkeleg til å nerde meg ned kommunalplanen for naturmangfald, det skal eg faktisk kose meg skikkeleg med. Og prøve å få til ein del befaring, så eg kjem meg opp på desse gje ler ho. 

- Så er det veldig fint å få jobbe i ei kommune der alle ser ut til å bry seg veldig om bygda si, det er veldig gjennomgåande, og veldig fint å sjå, legg ho til. 

I tillegg til kommunedelplanen for naturmangfald, har Elise store planar om bli betre kjent rundt om på både fjelltoppar og skiløyper. 

- Eg var min fyrste tur rundt Laglim her forleden, og det var veldig fint. Det er jo ikkje så mykje skiføre der eg kjem frå, så eg gler meg til å teste løypene her, ler Solheim Garvik. 

 

Vi ønskjer Elise varmt velkommen til Vang!