IMG 1427
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Endeleg klart for påskelunsj i Børrelia

Endeleg klart for påskelunsj i Børrelia

07. april 2022
Etter nokre år med stillstand og koronarestriksjonar er det no duka for påskelunsj i Børrelia på ekte og tradisjonsrikt vis!

- Me gler oss veldig. Det blir kjempestas å endeleg få lov til å arrangere igjen, smiler arrangør Hanne Fjeld. 

Og det er ikkje utan grunn; i over 20 år har den tradisjonsrike påskelunsjen samla både hyttefolk og lokale, små og store, skientusiaster og solbrente påsketurister i høgfjellet. Den flotte møteplassen favner om alle, anten du kjem rett frå skiløypa eller du spaserer ned frå hytta - det har ingenting å si. Alle er velkomne! 

- Det er jo difor det på mange måtar er så artig å arrangere dette og, på tross av alt arbeidet. Det er ein utruleg flott møteplass på tvers av generasjoner, og på tvers av lokalbefolkning og hyttefolk. Så er det innmari god stemning da, og mykje bra folk, ler Fjeld. 

Det er Vang utvikling og Tyin-Filefjell Hytteforum som står for sjølve arrangeringa av påskelunsjen 15. april i år, likevel er det mange lokale bedrifter som bidreg for at arrangementet skal kunne gjennomførast!

- Me sett utruleg stor pris på alle lokale bedrifter som bidreg, og alle frivillige som stiller opp år etter år. Dette er jo reinspikka dugnadsånd, og då treng me flinke folk, seier Fjeld. 

- Blant anna har me fire damer som i alle år har tatt på seg oppgåva med å bake hundrevis av rundstykker, og Vang maskin skal i år tråkke sitteplass og akebakke til barna. Det er heilt supert, legg ho til. 

Endå trengs nokre fleire frivillige på sjølve dagen, så om du er gira på god stemning, gratis mat og gode minner, veit du kven du skal kontakte! 

Hanne Fjeld mobilnummer; 917 91 202. 

 

Tradisjonsrikt program 

Tradisjon tro blir det sjølvsagt gudstjeneste og presten er på plass! Ingebjørg Vik Laugaland skal sørge for å sette stemninga denne dagen.

Etter dette fyres grillen opp og det blir store moglegheiter for å få seg deilig mat. Her står grilltallerken på menyen, med diverse salater og godt tilbehør. Du kan få deg både ein Solobrus eller litt edlere dråper om du vil. Ja, ein påskelunsj verdig! 

Det blir og leik og konkurranser for dei minste, både med og utan ski på beina. Her venter og premier til alle saman. 

Denne dagen vert også Filefjellrennet arrangert og kva passer vel betre enn å stake seg inn til påskelunsjen i Børrelia? Du kan lese meir om årets Filefjellrenn her. 

- Me håpar på knallvær og god stemning denne dagen, det er duka for skikkeleg påskestemning og me gler oss veldig, smiler Fjeld. 

Her finn du Facebook-arrangementet til Påskelunsj i Børrelia.