Fullsizeoutput 15F7
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Etiopisk nyttårsfeiring hjå Sara

Etiopisk nyttårsfeiring hjå Sara

13. september 2021
Det var skikkeleg Øst-Afrikans stemning i Føsse då Sara i dag baud på Etiopisk nyttårsfeiring på kafeen sin.

- Det betyr utruleg mykje for meg at bygdefolket støttar meg og alltid kjem innom, eg blir glad og stolt. At me kan utveksle kultur og ulike tradisjonar er ein fin måte å bli kjent, smiler kafédrivar Sara Siwar. 

For i dag var det nemleg ikkje nokon vanleg måndag i Ryfoss, det var nyttårsfeiring for år 2014! Og tradisjon tro vart det feiring med dei faste, gode kundane. 

- Me feirar nyttår og andre høgtider med dei me er aller mest glad i, det er difor eg også arrangerar nyttårsfeiring på kafeen, for at kundane kan få vera med. Eg er veldig takknemleg for at dei kjem, seier Siwar.

 

Sett pris på bygdefolket 

Då Sara starta opp kafeen for seks år sidan, hadde ho ikkje den fjernaste anelese om at ho skulle bli ein sentral møteplass for bygdefolket. 

- Då eg fyrst byrja var eg usikker på korleis bygda ville ta meg imot, eg starta jo heilt på bånn og kjente ikkje så mange, seier Siwar. 

Den bekymringa er borte for lengst. Snaut seks år seinare er bygdefolket samla på den lille og sjarmerande kafeen til Sara titt og ofte. Kvar måndag er ein fast gjeng innom, fleire sett av lunsjen på kafeen, og mang ein vangsjeldning har vel henta seg ¨teikåvei¨.

- Eg sett utruleg stor pris på bygdefolket, og alle som kjem innom. Det er og stort at dei ynskjer å lære om min kultur og at dei kosar seg med etipoisk mat, sjølv om den kanskje er hakket sterkare enn vanleg norsk mat, ler Sara.