Yvonne Laglim3
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fangar dei gode augneblinka

Fangar dei gode augneblinka

30. juni 2022
På evig jakt etter dei gode bileta er det presisjon, blikkfang og kreativitet som står i fokus for dei engasjerte fotografane i Jotun Fotoklubb.

SKREVET AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Det er veldig sosialt å vera med i Jotun Fotoklubb, det er noko unikt med at alle har samme interesse og at me alle kan lære av kvarandre, seier leiar i klubben, Sidsel Offergaard Jevne. 

Med 32 trufaste medlemmar i heile Valdres er Jotun fotoklubb blitt ein solid gjeng med engasjere og entusiastiske fotografer i alle aldre. Med felles talent for å sjonglere og kombinere blikkfang og presisjon, sikrar dei seg bileter dei færraste av oss får tak i. 

- Det er jo ingen av oss som er eksperter, men mange i klubben er drevne fotografer og har holdt på i mange år. Foto er jo også ein øvingssak, ein blir betre og betre etterkvart som ein lærer seg nye triks, seier Offergaard Jevne.

 

Vart starta i Vang 

Fotoklubben starta sine glansdagar tilbake i 2015 og vart stifta av ivrige fotografer, blant anna Oddvin Almenning og Ivar Hagerup. Etterkvart som klubben veks seg større, og medlemmar frå heile dalføret strauma til - endra klubben navn til Jotun fotoklubb. 

- Det var naturleg å difor også flytte våre faste møter ned til Fagernes, slik at det vart meir sentralt for alle som er med i klubben, seier Offergaard Jevne. 

Sjølv kom ho inn i klubben då pensjonisttilværelsen meldte seg, og ho ynskja å lære seg meir om bildetakning og kamerateknikk. 

- Eg meldte meg på eit fotokurs gjennom klubben, og då fekk ein automatisk medlemskap i eitt år. I samme slengen vart eg vald til styreleder i klubbeen. Og sidan den gong har eg vore med, smiler Offergaard Jevne. 

- For meg er det utruleg artig å alltid lære noko nytt. Det er kanskje det som gjer det litt spennande også, at ein heile tida utvikler seg og blir betre. Ser er på bileta mine no, kontra då eg starta, er det noko heilt anna, ler ho. 

 

Lærer av kvarandre i klubben 

No har klubben meir eller mindre 32 faste medlemmar, som jevnelg møtast for møter, kurs eller utfluktar. Annakvar måndag møtast hobbyfotografane frå heile Valdres i Griug sitt bygg på Spikarmoen, klokka 19.00.

- Stort sett møtast me for å diskutere biletene me har tatt, og få tilbakemelding frå dei andre i klubben. Det er ein veldig fin og effektiv måte å bli betre på. Ellers hender det også at me får inn eksterne foredragsholdere som fortel om forskjellige tema eller teknikker, eller så reiser med på utflukter saman for å ta bileter, seier Offergard Jevne. 

Ho fortel at ein ikkje treng mykje kunnskap om fotografering fra før for å bli medlem, men ein lyt ha kamera - gjerne med utskiftbar optikk, stor lærelyst og ein solid PC som tåler mykje bilderedigering.  

- Det er nok ein fordel å vera oppriktig interessert i kamera, fotografering, teknikk og bilderedigering om ein skal bli medlem av fotoklubben. Likevel så treng ein ikkje komme ferdig utlært, me hjelper såklart kvarandre, smiler ho. 

Sidsel fortel at fleire i fotoklubben sender inn bileta sine til ulike konkurranser, og og at fleire har fått belønnede fotoer. 

- Me har også intere fotokonkurranser innad i klubben, der me stemmer på kvarandre. Det er jo også litt tryggare forhold, enn å delta i litt større konkurranser, seier ho. 

- I det store og det heile handlar det jo om å ha det gøy og å bli betre til å ta foto, så det er ikkje stort fokus på konkurranse, smiler Sidsel. 

For å bli medlem i klubben må ein melde seg inn i Facebook-gruppa ¨Jotun Fotoklubb¨, når ein får godkjent denne forespurnaden, vil ein også få faktura på 350,- for eitt års medlemskap. 

 

Blir aldri utlært som fotograf 

Oddvin Almenning er eit trufast medlem og var med å starte opp fotoklubben tilbake i 2015. Han har interessert seg for fotografering i lang tid, og trekk fram spesielt ting ting som er særdeles motiverande. 

- Ein blir aldri utlært som fotograf. Det er heile tida noko nytt å lære eller å lære bort. Gjennom livet endrar også stil og mote seg, og ein kan alltid plukke opp nye triks. Det gjer jo at fotografering er både gøy, men også svært motiverande å halde på med over lang tid, seier Oddvin Almenning. 

Han fortel at Jotun Fotoklubb tilfører mye sosialt i kvardagen og at det er fint å møte andre som er like interessert og engasjert i det samme som han. 

- Me alle i klubben har jo ein felles interesse for å fange augneblink eller vakker natur. I tillegg ligg det ein del etterbehandling bak eit godt bilete, halve jobben gjerast i redigeringsprogram. Det er rett og slett fordi kamera ofte ikkje klarar å fange opp det auge ser, fortel Almenning. 

- For meg er Jotun Fotoklubb ein veldig fin møteplass, der eg stadig lærer nye ting og heile tida utvikler meg, smiler han. 

 

Sjå eit knippe utvalde bileter frå Jotun Fotoklubb i bildekarusellen nedanfor! Kanskje får du også lyst til å forevige augneblinka i livet?