25848E98 8D25 4B77 B4CF 2F0A7027DDEF
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fantastisk innsamlingsaksjon på VBU

Fantastisk innsamlingsaksjon på VBU

23. mars 2022
Fantastisk oppmøte, full uttelling og fine folk er den mest passande beskrivingen tå gårsdagens innsamlingsaksjon på Vang barne og ungdomsskule.

Frå 16.00-20.00 var det i går innsamlingsaksjon på Vang barne og ungdomsskule, med elevane i spissen og mottoet om at barn kan hjelpe barn. Og om ikkje halve Vang tømte klesskapet sitt i førekant av innsamlingsaksjonen i går, skjønner me ingenting - for eit fantastisk engasjement og oppmøte! 

Inngangsdøra stod knapt stille denne ettermiddagen. Pose på pose med kleder fylte seg opp, leiker og utstyr rulla inn på bordene i foajeen på skulen. Eit heilt storstilt apparat vart sett i sving for å brette, sortere og pakke alt i ulike kategoriar og størrelser. Bamser, dukker, spel og trehjulssykler i lange baner. Hjelpande hender i alle kriker og kroker, blide fjes og høgt arbeidstempo.

For ein hederleg innsats av barna på VBU, dei ansatte, alle som hjalp til og ikkje minst dei som kom for å levere kleder og leiker til nye eigarar.

Barn kan hjelpe barn, og Vangssamfunnet kan verkeleg det å strekkje ut handa!