Nyheit

Fast kiropraktor i Vang

  Nyheitsarkiv
11. feb 2019
Kvar tysdag treff du kiropraktor Asbjørn Bilben Amundsen i Vangstunet.
Kvar tysdag på Vangstunet

Asbjørn Bilben Amundsen er på plass som fast kiropraktor i Vang kvar tysdag. Han held til i lag med fysioterapautane i underetasjen på Vangstunet og styrkar med det helsetilbodet i Vang.

Amundsen har allereie vikariert i Vang i ei periode og når sjansen kom til å bli fast i Valdre og Vang hoppa han på.

– Kvar tysdag jobbar eg fulle dagar i Vang og tek i mot alle typar pasientar med nerve-muskel-skjelett plager, fortel Amundsen.



For meir informasjon om tilbodet kan du vitje heimesida til kiropraktor i Valdres.