Brødrene Wangensteen i Vang Auto-Service AS. Frå venstre: Ståle Wangensteen, Arve Wangensteen og Rune Wangensteen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Feirer 50 år med storstilt bygdefest

Feirer 50 år med storstilt bygdefest

09. mars 2022
Vang Auto-Service AS feirer 50 år i 2022 og ynskjer å feire med ansatte, samarbeidspartnarar og heile bygda!

- Ein fyller jo 50 år berre ein gong, så då må me jo slå på stortromma, ler Ståle Wangensteen. 

Dei tre brødrene Arve, Rune og Ståle Wangensteen har no dreve Vang Auto-Service AS saman i heile 26 år. Dei tok over drifta frå sin far, som stifta firmaet i 1970 og opna dørene i 1972. Sidan den gong har bedriften heile tida vore i vekst og utvikling. Og no, 50 år seinare er det på tide med ein skikkeleg markering! 

- Me ynskjer å gje noko tilbake til Vang. Bygda har vore utruleg flinke til å bruke uss gjennom alle år, og me er heilt avhengige av at dei gjer nettopp det. Difor ynskjer me no å arrangere ein skikkeleg stor fest her i Vang, seier Arve Wangensteen.

Vassendgutane i Vangshallen 

Det blir ingen liten puslefest når Wangensteen-karene får bestemme. Det er lagt eit rikhaldig program for kvelden, og heile festen skal sjølvsagt foregå i Vangshallen laurdag 11. juni. 

- Me starter kvelden med ein middag saman med alle ansatte og våre ulike samarbeidspartnarar. Mjøsvang kafé skal stå for matservering, og eg tipper me blir omslag 110 rundt middagsbordet, fortel Rune Wangensteen. 

- Etter middagen blir det fest for heile bygda i Vangshallen og Vassendgutane skal spele konsert. Det blir både øl og vinsalg, så me håpar og trur det vil bli god og livat stemning, smiler Rune. 

Han fortel at 100% av billettinntekten frå konserten vil gå til fotballgruppa i Vang, som ein stor gest tilbake bygdesamfunnet. Fotballgruppa skal difor vera med å hjelpe til under den store festen i hallen. 

- Fotballgruppa favner store deler av bygda, og det frivillige arbeidet som legges ned. Me synes difor det er fint å kunne gje noko tilbake akkurat dei, seier Arve. 

For at så mange som mogleg skal få med seg konserten blir det satt opp buss både frå Årdal og Fagernes. Det er plass til 1200 personer inne i Vangshallen. 

- For at me skal få ein grei oversikt over kor mange me blir, har me valgt å ha forhåndsbestilling av billetter til konserten. Desse vil bli lagt ut om nokre veker, seier han.

 

Leverer reinspikka kvalitet 

Vang Auto-Service AS er nok mest kjent for å levere reinspikka kvalitet på alle punkt. Dei har heile tida utvikla seg i takt med markedet og ynskjer alltid å sjå framover. 

- Då me starta var me sju ansatte, no er me 35. Me har vokst gradvis og hatt ein naturleg utvikling i takt med det markedet me leverer til, seier Areve. 

- I tillegg har me investert det me har tjent, inn i framtida. Me ynskjer at Vang Auto-Service AS skal vera ei framtidsretta bedrift, og då må me heile tida sjå framover, legg han til. 

I åra framover er difor ikkje fokuset nødvendigvis på å ekspandere bedriften, men å heile tida jobbe med å levere kvalitet til enhver tid. 

- Så må me sjølvsagt skryte av dei fantastiske ansatte me har, som stiller opp uansett. Dei leverer godt arbeid til fingerspissene og er heilt gull for Vang Auto-Service, smiler Rune.