Rune Wangensteen er både salssjef og medeigar i Vang Auto-Service AS, han gler seg til å ferdgistille nybygget og vekse vidare dei neste åra.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ferdigstiller nybygget

Ferdigstiller nybygget

16. april 2020

Etter nokre veker med byggestopp er Vang Auto-Service AS bestemt på å ferdigstille nybygget sitt denne sommaren.

– Vi laut setje på bremsen litt før påske, men etter dialog med entreprenørar, bank, Innovasjon Norge og andre har vi no kome fram til å køyre på, fortel Rune Wangensteen, salssjef og medeigar hjå Vang Auto-Service AS.

Det betyr at arbeidet vert teke opp att komande måndag og ferdigstilling av bygget i løpet av sommaren. Det betyr også kring seks millionar i omsetning i varer og tenester frå underleverandørar og handverkarar som så langt som mogleg er lokale.

I posisjon

Tradisjonelt sett er vår og sommar lågsesong hjå Vang Auto-Service, der hovudomsetninga er bergingsbilar, snøskuter, atv og tilhengarar.

– Når bygget er ferdig og innreia er vi i posisjon til å møte høgsesongen og framtida på ein best mogleg måte. Vi har mange lojale kundar og vi har trua på at marknadene vi jobbar i vil vekse framover, fortel Wangensteen.

I tillegg til bensinstasjon, verkstad og bilberging er Vang Auto-Service leiande i Noreg på sal av bergingsbilar og totalforhandlar av BRP sine køyretøy, der både Lynx og Ski-Doo er i porteføljen.

Store dimensjonar

Stort, flott og praktisk er stikkord som beskriv nybygget på 850 kvm over to etasjar. Eksisterande verkstad for ATV og snøskuter vert bygd saman med nybygget og arbeidskvardagen skal verta både meir praktisk og effektiv for alle.

– Fyrste etasje vert i all hovudsak lager, samt at den eine avdelinga vert framsyning av bergingsbilar. I andre etasje er det framsyning av snøskuter, ATV og vannskuter, samt at vi har nokre kontor og eit temmeleg tøft møterom, fortel Wangensteen.

Det er også eit større felt på bakkeplan som no kjem under tak og kan byggast inn om det vert behov for dette på seinare tidspunkt.

Med denne utbygginga får vi samla alt vi driv med her og kan fase ut mykje kreativ lagring rundt om i bygda. Det er ei investering for framtida som både sikrar noverande drift og gjer oss i stand til å vekse framover.

Ser langsiktig

Den pågåande pandemien har for utan byggjestoppen fått fleire følgjer for den daglege drifta ved familiebedrifta som vart stifta i 1972 og som sidan 1996 er eigd av brørne Ståle, Arve og Rune Wangensteen.

– Bergingsbilane våre vert ferdigstilt ved ein fabrikk som då tilfeldigvis ligg i Nord-Italia. Der er heldigvis 8-10 mann i gang att no og vi er lova levering på 6-7 bilar i løpet av ikkje alt for lang tid.

Det er elles stille på bensinstasjonen og salet av snøskuter fekk bråstopp i det tiltaka vert sett i verk.

– Vi har dermed noko meir på lager enn vi bruker, samstundes som vi er i gang med salet av 2021-modellane. Verkstaden har gått omtrent som normalt både for kjøretøy og skuter/ATV. Vi er einige i leiinga om at dette skal bli bra att og at det er viktig og riktig for oss å vera så godt budd som mogleg til det.

Vang Auto-Service AS omset for kring 100 millionar årleg, held om lag 40 personar i arbeid og er no godt budd for vidare vekst.