Filmførebuingar i Vang. Frå venstre, fotograf Anton Österlund, regissør Ole Sebastian Kåss, lyddesigner Yvonne Stenberg, produksjonsdesigner Lars Tiller
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Filminnspeling i Vang

Filminnspeling i Vang

19. januar 2016

I februar kjem eit knippe kjende skodespelarar til Vang for å spela inn eit drama. Filmen skal synast på NRK til hausten og er eksamensprosjekt for studentar ved Den Norske Filmskole på Lillehammer

Stemninga mellom karakterane i filmen er temmeleg trykkande. Difor passar det så perfekt å ha Vang og dei voldsomme fjella her som kulissar, fortel produsent Anton Hanson. 

Saman med eit stort lag av filmfolk og skodespelarar kjem han til Vang i månadskiftet februar/mars for å spela inn novellefilmen. Det er altså NRK-avtale på plass for prosjektet og skodespelarar som Trine Wiggen (Kampen for tilværelsen), Ida Elise Broch (Mannen som elsket Yngve), og Herbert Nordrum (Pornopung) er nokre av navna på rollelista. Dei får selskap framfor kamera av fleire vangsgjeldingar som statistar. 

– Godt teke i mot

I midten av januar var fire av studentane innom Vang for å arbeide med kulissar og planlegging. 

– Folk er positive her og prøver å hjelpe oss med alt vi spør om. Vi er godt teke i mot, fortel fotograf Anton Østerlund.

Han avslørar også at regissøren, har gamlekjærast frå Vang, og difor har brukt mykje tid her tidlegare. Filmcrewet får disponere eit gamalt hus på ein gard midt i Vang sentrum som kulisser for brorparten av innspelinga. Kort fortalt får Vang ei viktig rolle i filmen.

– Vi håper på å klare å fange Vang med sine vakre dalar og voldsomme fjell. Vang er ein karakter i seg sjølv, som vi tror vil kunne bidra stort til filmen, fortel produsent Hanson.

Treng hjelp

Mykje skal på plass for å lande ei filminnspeling, og gjengen håper å få både statist-hjelp og andre bidrag frå bygda.

– Det er særleg ei scene i kyrkja der det skal vera mykje folk med som vi treng statistar til, fortel Østerlund.

I tillegg skal det skruvast opp eit kjøkken, skaffast ei campingvogn, lempast utstyr og mykje anna, så det trengs «handy» folk. 

– Alle som har lyst til å vera involvert i ei filminnspeling må berre ta kontakt, understrekar produsent Anton Hanson. (aj.hanson000@gmail.com // 936 06 886)